Meny
VELG KLASSE Framside
Kleivhaugen 2 5392 STOREBØ
Telefon: 55081300 Faks: 55081301 Send e-post til oss
Redaktør: Anders Hjelle
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<november 2019><<
november 2019
mtotfls
28293031010203
04050607080910
11121314151617
18192021222324
25262728293001
02030405060708
Vervarsling frå yr.no, levert av NRK og Meteorologisk institutt
Gå til Its Learning
Fråvær og permisjon frå undervisninga

Dokumentert fråvær

Når ein elev er vekke frå skulen grunna sjukdom, tannlege, begravelse o.l., reknast dette som dokumentert fråvær dersom det blir levert melding om årsaka til fråværet, frå foreldre eller sjukemelding frå lege. Dersom det er mogeleg, skal melding leverast på førehand.

Udokumentert fråvær

Når elevar er vekke fra skulen utan at det blir levert melding/søknad frå føresette, blir dette rekna som udokumentert fråvær. Stort fråvær som ikkje kan dokumenterast, kan få betydning for karakteren i orden.

Når det er forsvarleg, kan kommunen etter søknad gje den enkelte eleven permisjon i inntil to veker. Permisjon er ingen rettighet, men blir vurdert i kvart enkelt tilfelle. Søknaden om permisjon skal vere skriftleg og sendes til rektor i god tid. Elever har ikke rett til å få erstattet tapt undervisning pga. permisjon. Foreldrene må selv sørge for at eleven får den nødvendige undervisningen i permisjonstiden.

Skulen gjer berre unntaksvis permisjon ved:

  • nasjonale prøvar
  • heildagsprøvar
  • skriftleg og munnleg eksamen

Siste halvår på 10. årstrinn er viktig fordi elevane skal ha sluttvurderinga i denne terminen (standpunktkarakter og eksamenskarakter). Det betyr at det vanlegvis ikkje er forsvarleg å gje permisjon over fleire dagar i denne terminen.

Ved permisjonar utover to veker, blir eleven skrevet ut av skulen. Opplæringsansvaret blir då lagt til dei føresette.

Elevar som høyrer til eit trussamfunn utanfor Den norske kyrkja, har etter søknad rett til å vere vekke frå skulen dei dagane trussamfunnet deira har helligdag. Det er eit vilkår for retten at dei føresette sørgjer for nødvendig undervisning i permisjonstida, slik at eleven kan følgje med i den allmenne undervisninga etter at permisjonstida er ute. 

Kontaktlærarane kan innvilge permisjon for ein enkeltdag, for fleire dagar må det søkes til rektor på eiga skjema her