Meny
VELG KLASSE Framside
Kleivhaugen 2 5392 STOREBØ
Telefon: 55081300 Send e-post til oss
Redaktør: Anders Hjelle
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<april 2024><<
april 2024
mtotfls
25262728293031
01020304050607
08091011121314
15161718192021
22232425262728
29300102030405
Vervarsling frå yr.no, levert av NRK og Meteorologisk institutt
Informasjon knytt til trafikksituasjonen ved Austevoll ungdomsskule

Etter at politiet i dag bøtela ei rekke bilister, ser vi oss nødde til å komme med fleire oppklaringar.  

Ungdomsskulen er under utbygging og rehabilitering fram til hausten 2020 og dette gjer det ekstra kjevjande for alle mjuke og harde trafikantar. Våre 204 elevar kjem på skulen i tidsrommet 0750-0815. I tillegg er vi over 40 tilsette som skal på jobb kvar dag, det er anleggstrafikk i skuletida, tannlegen har behov for parkeringsplassar, elevar og lærarar frå Austevoll vidaregåande skule brukar Austevollshallen stort sett kvar dag.  

Vår oppmoding til foreldre er:

1. Dei elevane som kan ta buss til/frå skulen, bør gjere dette. Dette er og blir det beste både når det gjeld tryggleik og miljø. Det er mange foreldre som køyrer ungdommane til skulen sjølv om det går buss!

2. Viss foreldre må køyre/hente elevar, oppmodar vi alle til å sleppe av/hente eleven på den nedlagte busstoppen på nordsida av vegen. Bilar som kjem frå nord må køyre ned i rundkøyringa og tilbake for å sleppe av på riktig side av vegen. Viktig at dei som går ut av bilen, går ut på høgre sida slik at ingen går rett ut i vegbana. Det er fotgjengarovergang i nærleiken som sikrar tryggleiken til dei gåande.

3. Køyring inn på skulen sin parkeringsplass må unngåast for å hindre farlege situasjonar for både mjuke og harde trafikantar.

4. Alle trafikantar må følgje dei skilt som til ein kvar tid er gjeldande.  

Politiet vil gjere fleire kontrollar framover