Meny
Velg seksjon Framside
1. kl
2. kl
3. kl
4. kl
5. kl
6. kl
7. kl
8. kl
9. kl
10. kl
Strondavegen 21 5590 Etne
Telefon: 53758180 Send e-post til oss
Redaktør: Morten Odeèn
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<mars 2023><<
mars 2023
mtotfls
27280102030405
06070809101112
13141516171819
20212223242526
27282930310102
03040506070809
apr
03
2023
Påskeferie
Fleire dagar. Sluttar 10.04.2023
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma

Gå til nettadressen: https://skole.visma.com/etne
Logg inn med bankid.
Klikk på barnet du skal søke for.
Klikk så «søknader». Vel "permisjonssøknad".

 


Skilsmissegrupper /PIS grupper er samtalegrupper for barn/unge som har opplevd samlivsbrot og har to heimar. Gruppene er eit helsefremjande og førebyggjande tiltak som blir tilbydd gjennom skulen av helsesjukepleiar. Her får dei ein mogelegheit til å snakke med andre barn/unge som opplever det same, og med nokon andre vaksne enn foreldra. Evaluering viser at barn/unge som deltek i slike grupper evner å sette ord på det dei opplever som vanskeleg. Dei greier å formidle sine eigne ønskjer og behov til foreldra, og på den måten møter dei den nye kvardagen på ein meir positiv måte.

Enge skule skal snart inn i ein periode med elevundersøking. Det gir elevane høve til å seie kva dei meiner om læring og trivsel på skulen. Resultata frå undersøkinga blir lagra og brukte av skular, skuleeigarar og den statlege utdanningsadministrasjonen for å analysere og utvikle skule- og læringsmiljøet til elevane. Data frå undersøkinga kan også bli brukte til forsking, og forskarar kan få utlevert rådata frå undersøkinga. Delar av resultata frå Elevundersøkinga blir publiserte på Utdanningsdirektoratets netteneste Statistikk. Les meir her.

Skulen går nå inn ein ein periode med nasjonale prøver frå 6.september til 1.oktober. Prøvene er nasjonale, og heilt like for heile landet. Prøvene skal vera i 5.kl, 8.kl og 9.kl. Lærarane skal bruke resultata for å følgje opp elevane sine og i arbeidet med undervegsvurdering og tilpassa opplæring. Kommunar og skular skal bruke resultata som grunnlag for kvalitetsutvikling i opplæringa. Forskarar kan søkje om å få utlevert resultat frå nasjonale prøver til bruk i forsking. Prøvene og resultata gir informasjon om enkeltelevar, grupper, trinn og skular, som lærarar og skuleleiarar trenger for å utvikle skulen vidare. 

FAU Enge Skule har ein del pengar på konto som me ønskjer at skal skapa aktivitet og trivsel på dei ulike
trinna. Elevar og føresette kan søka om pengar til trivselstiltak. Totalpotten er på kr 40 000. Søknadene
blir handsama fortløpande på FAU møtene.

 

 

 


Det er viktig at føresette og skule har felles mål om at barna vera på skulen så mykje som mogleg. Har ein elev sjukdomssymptom, skal eleven halda seg heime og kontakta lege ved behov for hjelp.
Om det er mistrivnad som gjer at barna kvir seg for å gå på skulen, så må det ryddast opp i. Løysinga er ikkje å halde seg heime..

Etne kommune har laga ein rettleiar som gjeld for skule og heim.


FHI gir råd om korleis skular skal håndtere smittesituasjonen. Når samfunnet er ope vil det vera lokale utbrot av og til.
For meir informasjon om temaet, så er det utfyllande informasjon her.

 


Det er nå mogleg å bestille skulemjølk. Det gjerast via https://www.skolelyst.no.

Er det spørsmål rundt ordninga har Tine gode svar på nettsida og ellers går det an å spørje Anne Lise på skulen.


Kvar elev har krav på og rett til eit trygt og godt skulemiljø fritt for alle typar krenkingar som; mobbing, vald, diskriminering og trakassering. I dette ligg at ingen skal tola eller oppleva direkte krenkande handlingar eller verbale uttrykk.   Indirekte krenkingar som utestenging, isolering og baksnakking skal heller ingen måtta tola.

Etne kommune har revidert reglementet for permisjonsdagar for elevane i grunnskulane i Etne.
Reglementet finn du her.


Det er helsemyndighetene i kommunen som kan beslutte om en skole bør stenges midlertidig som følge av koronaviruset. Hvis en skole blir stengt, har elevene rett til å få opplæring, og det er skoleeiers ansvar å sørge for dette. Les mer om hva skolen bør tenke på i en karantenesituasjon og annen oppdatert informasjon på vår informasjonsside om koronaviruset. Vi oppdaterer denne siden fortløpende.

Vennlig hilsen  
Utdanningsdirektoratet    


Alle timeplanar og mykje av foreldrekontakten skjer via Showbie. Alle føresette har fått/får eit ark av kontaktlærar med 
framgangsmåte for pålogging og kode til pålogging. Har du mista arket, eller ikkje fått det, så må kontaktlærar få beskjed.

Showbie gir innsyn i mappene som er delte for føresatte. Det kan vere at du som føresatt ikkje kjem inn i enkelte mapper, 
og det er fordi elevane har tilgong der og at mappa ikkje er delt og relevant for deg som føresatt.

 


Visma nettsida er viktig for deg som føresett. Der redigerer du kontaktinformasjon om deg sjølv. Der ser du fråver, karakterer og vurderingar.
For å logge inn må du ha ein bankid. Lenkja ligg i høgre marg, men du kan og klikke her.

 

Visma appen for mobiltelefon heiter Minskole. I meldingsmodulen ser du meldingar frå skulen, og du sender og til skulen herifrå. Frå appen melder du og fråver.


Etter opplærngslova § 2-9 skal kommunen gje forskrift om ordensreglement for den einskilde grunnskulen. Forskrifta er meir omfattande enn ordensreglane skulane til no har hatt. Ei kommunal forskrift  for ordens- og åtferdsreglement skal danna grunnlag for at kvar skule lagar eigne reglar for orden og åtferd i ei enklare form. Skulen sine ordens- og åtferdsreglar og kommunal forskrift dannar til saman vurderingskriterium for orden og åtferd.

Politiet har laga ei nettside med råd til barn og unge med foresatte om korleis ein skal forhalde seg til deling av bilete.
Korleis kan ein unngå dette? Kva seier lovverket? Viktig informasjon følgjer om du klikker på denne lenkja.

 


Skulane i Etne brukar definisjonen til Dan Olwaeus på mobbing: ”Ein person blir mobba når han/ho, gjentekne gonger, og over ei viss tid, blir utsatt for negative handlingar frå ein eller fleire personar”