Skulane i Etne brukar definisjonen til Dan Olwaeus på mobbing:
”Ein person blir mobba når han/ho, gjentekne gonger, og over ei viss tid,
blir utsatt for negative handlingar frå ein eller fleire personar”
Tiltak når mobbing er oppdaga :
- Vaksne viser handling straks !
- Informasjonsinnhenting frå lærarar,foreldre,andre.
- Kontaktlærar blir informert .
- Kontaktlærar(ane) vurderer situasjonen og avgjer korleis saka skal
meldast .
- Rektor skal alltid informerast om mobbesaker .
Tiltak når mobbing er oppdaga :
Samtale med mobbeofferet .
Kartlegging : Kva har skjedd, kor ofte , kven mobbar , kor skjer dette
?
Korleis opptrer han/ho sjølv i slike situasjonar ?
Kartlegga støttespelarar.
Dersom fleire mobbarar er innblanda i saka, skal ein samtala ein og ein med
elevane. Det er eit poeng at det ikkje blir gitt beskjed til den enkelte eleven
om samtalen , for å unngå ”samsnakking”.
I samtalen med mobbaren er hovudpoenget å tydeleggjera at at dette ikkje
blir akseptert, og referera til konkrete hendingar. Alvoret må gjerast tydeleg
. Det er eit krav at mobbaren går inn i eit forpliktande samarbeid for å få
slutt på mobbinga.
Oppfølgingssamtale innan ei veke.
Separate evalueringssamtalar med både offer og mobbar(ar) kvar for seg.
Konsekvensen for mobbaren kan vera : Tap av privilegiar, nedsatt
åtferedskarakter (u-skulen), restriksjonar på skulen/skuleveg, utvising inntil
3 dagar.
Det skal gjerast enkeltvedtak dersom elev eller føresette ber om tiltak i ei
mobbesak (jfr. § 9a i Oppl.lova). Kontaktlærar skal informera om retten til
enkeltvedtak. Informasjonen skal også ligga på skulen si heimeside.
Foreldre skal alltid informerast om at barnet deira er innblanda i ei
mobbesak. Det skal vurderast i kvar enkelt sak kor aktiv rolle foreldra skal ha
.
”Skulane i Etne har nulltoleranse m.o.t.
mobbing”