Meny
Velg seksjon Framside
1. kl
2. kl
3. kl
4. kl
5. kl
6. kl
7. kl
8. kl
9. kl
10. kl
Strondavegen 21 5590 Etne
Telefon: 53758180 Send e-post til oss
Redaktør: Jon Nielsen
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<november 2019><<
november 2019
mtotfls
28293031010203
04050607080910
11121314151617
18192021222324
25262728293001
02030405060708
nov
20
2019
Heile skulen fri
Heile dagen
nov
27
2019
1.-7.kl fri
Heile dagen
Gå til Its Learning
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma

Visma nettsida er viktig for deg som føresett. Der redigerer du kontaktinformasjon om deg sjølv. Der ser du fråver, karakterer og vurderingar.
For å logge inn må du ha ein bankid. Lenkja ligg i høgre marg, men du kan og klikke her.

 

Visma appen for mobiltelefon heiter Minskole. I meldingsmodulen ser du meldingar frå skulen, og du sender og til skulen herifrå. Frå appen melder du og fråver.


Denne veka startar ein opp med nasjonale prøver på 5., 8. og 9. trinn. Prøvene blir gjennomførte i løpet av dei neste vekene. Det tek inntil 90 minuttar å løyse ein prøve i lesing og rekning, mens det tek inntil 60 minuttar å løyse ei nasjonal prøve i engelsk. 

Alle heimar skal ha fått brev heim om korleis det nye systemet fungerer.
Trykk les meir for å sjå kortversjonen.


I morgon, 15.august møtast me endeleg til skulestart. Me gler oss!
1.klasse og heilt opp til 7.kl møter kl 09.00. Ungdomssteget møter 08.54.

 


Etter opplærngslova § 2-9 skal kommunen gje forskrift om ordensreglement for den einskilde grunnskulen. Forskrifta er meir omfattande enn ordensreglane skulane til no har hatt. Ei kommunal forskrift  for ordens- og åtferdsreglement skal danna grunnlag for at kvar skule lagar eigne reglar for orden og åtferd i ei enklare form. Skulen sine ordens- og åtferdsreglar og kommunal forskrift dannar til saman vurderingskriterium for orden og åtferd.

Politiet har laga ei nettside med råd til barn og unge med foresatte om korleis ein skal forhalde seg til deling av bilete.
Korleis kan ein unngå dette? Kva seier lovverket? Viktig informasjon følgjer om du klikker på denne lenkja.

 


I skuleruta og på elevdagane står det oppsatt planleggingsdag på fredag 25.januar. Planleggingsdagen går ut og det er vanleg skuledag. Planleggingsdagen er framflytta, men det er ennå ikkje vedtatt kva dag den blir på.

Kram nysnø skapa stor glede i friminutta. Heile skulegarden var dekt av snømenn og snøborgar.
Her eit bilete av snøfamilien Frost! 

Mediefaget har ei gruppe som lagar skuleavis som bloggpost.
Der er det mykje spanande på gang. Vi har spanande intervju, 
tips til tentamenar og fyldige spelomtalar.

Etter kvart kjem det aktuelle podcaster, og videoar. Følg me, dette
er bra og blir berre betre etter kvart!

http://engepanett.blogg.no/

Hei!

Ungdommane har fått med skriv heim om møte med faglærarane. De finn det også her.

Svein Ketil og Therese


Skulemjølk bestiller du på http://skolelyst.no.

 


Skulen har eit SMS meldingsystem som heiter Transponder. Det er mogleg å laste ned app på Android og IOS.Enkelte får ikkje meldingane som skulen sender ut. Ein mogleg årsak kan vere feil i sjølve app'en. Løysninga er i så fall å slette app'en for så å laste ned på nytt. I tillegg er det slik at om ein har fleire barn på skulen får alle lærarane med tilknyting til nokon av barna melding.

Det beste er å ikkje bruke app. Lagre 59440113 som kontakt på telefonen, så får ein betre kontroll. 

 

 


Stortinget har vedtatt endring i opplæringslova som presiserer og styrkar retten elevane har til eit trygt
og godt skulemiljø. Etne Kommune har laga ein faldar til elevar og føresette som informerer om dei
viktigaste endringane.
Faldaren er delt ut til alle – du kan lesa han her.   

Rektor


Det er av og til eit problem at føresette registrerer feil når ein sender SMS-meldingar til skulen . Det kan då t.d. føra til at alle kontaktlærarane på skulen får ei melding som berre ein mottakar skulle ha hatt. Er du i tvil, så finn du ei enkel «SMS-oppskrift» her:

http://www.minskule.no/enge/Underside/11023

 


Me har skaffa oss eit sms varslingssystem på Enge skule. Systemet er tenkt å virke som meldingsbok. 
Mange er ikkje klar over at ei melding må ha eit kodeord i byrjinga av meldinga.
Meldingar uten kodeord får ein tilfeldig mottakar.

Kodeorda er slik:1a 1b 1c 2a 2b  3 4 5  6 7  8a  8b  9a  9b  9c 10a  10b


Elevane i sjuande klasse fekk sist veke prøvd seg som båtbyggjarar. Bjørn Arve Lunde og Johanne Øvstebø Tvedten frå Sunnhordland museum var på besøk med eit undervisningsopplegg som handla om bygging av færingen, og livet i Sunnhordland kring 1880. Elevane fekk delta i song og bygging og fekk høyra forteljing og spel. -Kjempekjekt, var replikken då dei pussa på trepluggane som det etter kvart skulle klinkast båtsaum i. Dei ulike namna på båten hadde dei og inne: - Tilja, tofta, keipa og kjøl osv.

Skulane i Etne brukar definisjonen til Dan Olwaeus på mobbing: ”Ein person blir mobba når han/ho, gjentekne gonger, og over ei viss tid, blir utsatt for negative handlingar frå ein eller fleire personar”