Meny
Velg seksjon Framside
Klasse 1
Klasse 2
Klasse 3
Klasse 4
Klasse 5
Klasse 6
Klasse 7
Erfjordvegen 16 4233 ERFJORD
Telefon: 52790830 Send e-post til oss
Redaktør: Aina Vaage
Vervarsling frå yr.no, levert av NRK og Meteorologisk institutt
FAU
FAU
Søknad om elevpermisjon
Søknad om elevpermisjon
Kommunalt Foreldreutval
Kommunalt Foreldreutval
Det er 2 dokumenter i arkivet.
Matematikkdag på Erfjord skule.

I heile dag er matematikk i fokus ved skulen vår, og rom inne, gymsalen og uteområdet er i bruk.

Elevar i 5. - 7. klasse har saman med lærarane planlagt 10 stasjonar. Alt handlar om matematikk. Dei største elevane er gruppeleiarar.  Dei tek imot gruppene, instruerer, passar klokka og ser til at dei minste kjem seg dit dei skal på tida. Elevane i 1. - 4. klasse er delt inn i grupper på tvers av klassane og skal innom alle stasjonane i løpet av dagen.

Det er synd vi ikkje har lyd på her, for aktiviteten er høg, diskusjonar om resultat og poeng går høglytt. Elevane kosar seg med matematikk, og me reknar med at desse aktivitetane bidreg både med trivsel for heile skulen og meir merksemd på kva matematikk er og kvifor det er viktig å kunna.

Main Image
Bilete 1 av 23