Meny
Velg seksjon Framside
Finnøy skule Hagabakken 1 4160 Finnøy Telefon: 51914422 Send e-post til oss
SFO Hagabakken 1 4160 Finnøy Telefon: 458 78 249 Send e-post til oss
Redaktør: Bente Tjelta
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Vervarsling frå yr.no, levert av NRK og Meteorologisk institutt
I dag fekk elevane på 5.trinn besøk av elevar frå valfaget "Programmering".

Tusen takk for godt oppmøte på aksjonsdagen hjå oss i dag! Me har samla inn kr. 32.460,- (oppdatert 1/11) til Redd Barna.

Endeleg er me igang ned lyttevenner på 3. trinn. Og for ein positiv og inspirerande gjeng!

Tusen takk for ein super start på dette flotte prosjektet! 


For ei veke me har hatt! Elevane har vore svært inspirerte og ivrige, og det har vore ei fantastisk stemning på skulen!

Det var ei herleg stemning i friminuttet i dag, med fløytespel, sol og song. Me vil ønske alle saman ei nydeleg helg!

Frå skuleåret 2023/2024 skal samtykka frå føresette registrerast i Vigilo.
Føresette må logga på i nettlesar/pc for å sjå meldinga om samtykke, og skjema som skal kyssast av. Meldinga kan ikkje lesast i Vigilo-appen.
Det gis samtykke for kvar elev.

Sjå vedlegg.

 


Informasjon om skulemat og mobilfri skule finn de under INFO i høgremenyen.

 

 


Sentralbordnummer - Finnøy sentralskule:  51914422    

Mette Lise Bakka, skulekonsulent: 51914421
Bente Tjelta, rektor: 51914423
Ayna Camilla Eno: avdelingsleiar 1.-4. trinn  955 52 429
Bjørn- Arild L. Fuglesten: avdelingsleiar 8.-10. trinn  51912641 
SFO: 458 78 249
Margunn Tungland Nordbø, rådgjevar: 51914427        
 

Vigilo blir teken i bruk for kommunikasjon mellom heim og skule 
I  mai 2023 blir Vigilo teken i bruk for kommunikasjon mellom heim og skule på alle kommunale barne- og ungdomskular i Stavanger kommune, og vår skule set i gong den 10. mai. Foreldre med barn på barneskular kan då kommunisera med skulen gjennom Vigilo foreldreportal i nettlesar, eller Vigilo app til smarttelefon og nettbrett.  
Tidlegare har kommunikasjon gått i ulike kanalar, mellom anna ranselspost, e-post og SMS. Når me no går over til Vigilo sin kommunikasjonsmodul betyr det ein tryggare og meir effektiv måte å kommunisera på, for både foreldre og tilsette ved skulen.    

Kva bruker me Vigilo til?  
Vigilo blir brukt til å dela praktisk informasjon mellom deg og skulen. Du skal bruka Vigilo for å senda meldingar til skulen, melda fråvær og for å få tilgang til innhald publisert av skulen. Skulen vil tilsvarande senda meldingar og publisera informasjon til deg i Vigilo.  
Sensitiv informasjon skal ikkje delast med skulen via Vigilo. Døme på dette er opplysningar om helse, religion, mobbesaker og personleg økonomi. For slike førespurnader kan du senda ei melding i Vigilo for å avtala eit møte, eller ringja skulen.  

For meir informasjon om korleis kommunen behandlar personopplysningar og rettane dine, sjå Stavanger kommunes nettside ( www.stavanger.kommune.no/vigilo )

Korleis komma i gang?  
Du kan logga inn i Vigilo foreldreportal i nettlesar på PC, Chromebook eller nettbrett. Du kan også lasta ned Vigilo sin app til smarttelefon eller nettbrett gratis frå App Store eller Google Play. 

I Vigilo app får du tilgang til å sjå nyheiter, senda meldingar og melda fråvær. Dersom du har fleire barn i skulen, vel du barn øvst i biletet.   
I foreldreportalen i nettlesar får du i tillegg tilgang til fråværsoversikt, påmeldingar, søknader, innsyn i timeplanen til barnet, registreringar i orden og åtferd, og karakterar. Foreldre kan sjå eige profilkort ved å klikka på namnet sitt øvst i høgre hjørne.  

Kven har tilgang?  
Foreldre med foreldrerett i Folkeregisteret kan sjå eigne barn i Vigilo. Fosterforeldre blir også gitt tilgang. Du kan kontrollera og endra opplysningane dine i folkeregisteret her:  
https://www.skatteetaten.no/person/folkeregister/endre/ 
Foreldres mobilnummer og e-post blir henta frå Kontakt- og reservasjonsregisteret (KRR). Verken skulen eller kommunen sentralt kan endra desse opplysningane for deg. Du må derfor sjølv kontrollera og endra opplysningane dine her:  

https://www.norge.no/nb/digital-borgar/oppdater-kontaktinformasjon  

Treng du hjelp?  
Ta kontakt med skulen om du har spørsmål eller tilbakemeldingar om Vigilo.       
Sjå også Vigilo hjelpesenter: https://vigilo.no/hjelpesenter/   


Elevrådet arrangerte i dag påsketurnering for heile ungdomstrinnet. Stemninga var god dei som var på banen la ned ein god innsats. 

Tysdag 20. desember i Kulturstova.

Ballet startar kl.18.00 og vil vare om lag til kl. 22.00.

Det blir is, brus, pizza, underhaldning og dans.

Billetten kostar kr. 100.-

Velkommen!!


Nå skiftar skulen vår namn frå Finnøy sentralskule til Finnøy skule.

Det har vore ein prosess som har stått på ei tid. Me har hatt det oppe i personalet og i SU. Det endelege vedtaket blei gjort av Kommunedelsutvalet.

Nå står det igjen nokre formalitetar for å få det inn i alle offentlege ledd, men me har allereide tatt det i bruk. Så - frå nå av er me Finnøy skule.


Som mange kanskje har registrert, verserere det ein sjølvmordsvideo på TikTok. Denne videoen blir spreidd raskt, og den har nok også nådd Finnøy. Me oppfordrar alle føresette til å vere observante i høve til kva ungane ser på ulike sosiale media og digitale plattformer, og til å prate med barna og ungdommane om dette. Ein kan lese meir om saka her.

 


Frå 1.august gjeld nye reglar om elevane sitt skulemiljø. I det nye regelverket er det stilt tydeleg krav til skulane om å informere elevane og foreldra om rettane i kapittel 9A. Skulane skal også informere om aktivitetsplikta og at saka kan meldast til Fylkesmannen.  
Fylkesmannen har laga ein kort informasjonsvideo, og oppdatert nettsida si slik at det skal vere enkelt å finne informasjon og kontaktopplysningar.  
Link til informasjonsvideoen ser de under lenkjesamlinga på høgre side.
Videoen kan også delast frå Fylkesmannen si Facebook-side: https://www.facebook.com/fylkesmannenrogaland/?hc_ref=PAGES_TIMELINE&fref=nf
Sjå også Fylkesmonsvideo:https://www.youtube.cov=9ewPaNLozV8  Fylkesmannen si nettside Ein trygg skuledag utan mobbing: https://www.fylkesmannen.no/nb/Rogaland/Prosjekt/Trygt-og-godt-skolemiljo/?id=108340  

Rektor