Meny
Velg seksjon Framside
Finnøy skule Hagabakken 1 4160 Finnøy Telefon: 51914422 Send e-post til oss
SFO Hagabakken 1 4160 Finnøy Telefon: 458 78 249 Send e-post til oss
Redaktør: Bente Tjelta
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Vervarsling frå yr.no, levert av NRK og Meteorologisk institutt
Hausttur 31/10

Torsdag hadde heile skulen ein flott hausttur til Talgje.

I strålande sol og vindstille gjekk omlag 370 elevar og vaksne ein fin tur på nordsida av Talgje.

For elevane var det ei fin geografi- og naturfagsøkt å gå og sjå over på andre øyer i kommunen, samt småsnakke om sopp og andre vekstar i naturen.

Men det aller viktigaste på denne dagen, var trivsel og relasjonsbygging. To og to trinn hadde bål saman, og det var så kjekt å sjå korleis det blei fin leik og fellesskap på tvers av trinna.

Undervegs på turen måtte elevane finne hjarte i naturen, og vel framme ved bålplassen var det spidding av pølser, drikking av kakao og elles masse kjekk leik.

Takk for turen!

Main Image

Bilete 1 av 14