Meny
Velg seksjon Framside
Finnøy skule Hagabakken 1 4160 Finnøy Telefon: 51914422 Send e-post til oss
SFO Hagabakken 1 4160 Finnøy Telefon: 458 78 249 Send e-post til oss
Redaktør: Bente Tjelta
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Vervarsling frå yr.no, levert av NRK og Meteorologisk institutt
Adventstid på sentralskulen

Denne siste veka inn mot juleferie har me mykje kjekt på programmet

Måndag hadde 2. trinn ei nydeleg adventsamling for oss. Dei dramatiserte "Julekveldsvisa" og spela så fint til songen. Me tende tre lys, og så las rektor Bente siste del av historia om Tomas og treskjæraren Jonathan.

Tysdag hadde me "God morgon, Finnøy" med fokus på samarbeid. 6A hadde laga ein super dans til "Hausten" av Vivaldi, me hadde Finnøynytt og sjølvsagt utdeling av gullkosten. Denne gongen gjekk kostane til 8B, 7B og heile første trinn. Som vanleg avslutta me med "Anti-jantelov"-songen.

Elles har nokon laga nissegleder oppe i administrasjonen - det er koseleg!

 

Main Image

Bilete 1 av 12