Meny
Velg seksjon Framside
Finnøy skule Hagabakken 1 4160 Finnøy Telefon: 51914422 Send e-post til oss
SFO Hagabakken 1 4160 Finnøy Telefon: 458 78 249 Send e-post til oss
Redaktør: Bente Tjelta
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Vervarsling frå yr.no, levert av NRK og Meteorologisk institutt
Glimt frå spennande vinterdagar.

Det er mange kjekke opplevingar på sentralskulen om dagen.

I sist veke samla representantar frå 1.-4. klasse seg til eit "mini-elevråd". Då hadde alle trinna klasseråd i forkant, og så fekk to og to elevar representere klassen sin. Denne gong var det trivsel i friminutt som var på agendaen. Elevane stilte godt førebudde, og det var veldig spennande å høyre elevstemmene inn i slike viktige saker. Me gler oss allereie til neste "mini-elevråd".

Skulen arrangerte nytt "God morgon, Finnøy" torsdag 13/2. Denne gongen var det "ansvar" som var tematikken, og elevane på 4. trinn deltok med ein song om ansvar for miljøet. Me takka også av Trivselsleiarane for hausten 2019, og tok imot dei nye for våren 2020. Trivselsleiarane gjer ein kjempeinnsats med å ta ansvar for trygge og gode friminutt på skulen vår. Tusen takk til alle!

I dag, tysdag 18/2, inviterte 4. trinn til storsamling med eit spennande og variert program. Dei lærte oss mykje om miljøvern og kjeldesortering, og minna oss mellom anna på å merke kleda slik at hylla med gjengløymde klede ikkje treng å vere så stor på skulen vår. Tusen takk for ei flott storsamling!

Main Image

Bilete 1 av 8