Ungdomsskulen hadde over tid lagt inn ønske om å få lov til å vera
meir inne i friminutta. Dette ville elevrådet der gjera noko med, og i
oktober byrja dei å planlegga ei ny friminuttordning i storefri.
Lærarane på ungdomsskulen og leiinga var positive, og det blei
laga nytt vaktsystem, og elevrådet fekk eit beløp å handle for.
4. november var kulturstova møblert med airhockeybord, fotballbord,
biljardbord, curling og shuffleboard, sitjegrupper, pc med spotifyabonnement,
og eit skap med mange kortstokkar. Eit kjekt rom som ungdomsskulen
kan bruke i matfri i vintermånadane. Seinare har det blitt fylt på med brettspel, eit minibiljard og ein sofa.
Takk til leiinga for penger, vaktmeister for montering, Rødne for kortstokkar, og
lærarane for godt samarbeid!