Elevar i barneskulen, og lærarane, har meldt inn at
gjerde rundt fotballbanen er for lågt. Fleire gonger til dagen
blir ballen sparka over. For å hente ballen må ein krysse trafikkveg,
noko som kan skape farlege situasjonar,
og vaktene må gå frå elevane på sitt område, for henting.
Elevrådet bestemte seg difor for å sjekke ut saka. To elevrådsrepresentantar
tok med måleband, og målte gjerde. Det viser seg at gjerde ned mot
hallen er berre 1 meter høgt i forhold til banen.
Elevrådet har no, i mars, meldt saka inn i VOF- systemet (Varsel Om Feil)
til Stavanger kommune. Kjem tilbake til saka når me har fått svar.