Meny
Velg seksjon Framside
Finnøy skule Hagabakken 1 4160 Finnøy Telefon: 51914422 Send e-post til oss
SFO Hagabakken 1 4160 Finnøy Telefon: 458 78 249 Send e-post til oss
Redaktør: Bente Tjelta
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Vervarsling frå yr.no, levert av NRK og Meteorologisk institutt
Informasjon om delvis open skule fom. 27/4

Hei alle elevar og foreldre/føresette i 1.-4. trinn. No gler me oss veldig til å ha elevar tilbake på skulen! Her kjem ein del informasjon om oppstarten:

Oppmøte på skulen

  • Me ynskjer at elevane møter opp til skulestart kl. 8.50. Det er viktig at me unngår større samlingar av barn på uteområdet vårt, så det er fint om dei elevane som går eller syklar ikkje kjem for tidleg til skulen, men møter presist til skulestart
  • Kvar skuledag vil me ha oppmøte for elevane ute kl. 8.50.
  • Måndag 27/4 møter elevane her kl. 8.50:
  • 1. trinn: leikeplassen ved karusell
  • 2. trinn: gamal leikeplass
  • 3. trinn: fotballbanen
  • 4. trinn: basketballbanen på ungdomstrinnet
  • Mjølkeordninga startar opp fom. torsdag 30/4.

 

Smitteverntiltak

  • Ingen barn eller vaksne med luftvegssymptom skal komma på skulen.
  • Dersom eleven er plaga av allergi, er det viktig å halde god dialog med kontaktlærar om dette.
  • For å minimere kontakt mellom personar, vil me dele alle klassane inn i to kohortar (grupper). Berre elevar i same kohort vil dele klasserom, men i friminutt kan heile klasse, altså to kohortar, vere saman.
  • Innan ein kohort kan elevar og tilsette vere saman nærast som vanleg, men me vil elles halde avstand mellom personar både inne og ute.
  • Dei fire trinna vil bli spreidde på 16 klasserom med ulike inngangsdører.
    • 1. og 2. klasse vil ha klasserom i SFO-fløyen
    • 3. klasse vil ha klasserom i underetasjen
    • 4. trinn vil bruke fire klasserom på ungdomstrinnet
  • Det vil bli faste vaksne som er med i kohortane.
  • Elevane vil ha friminutt til ulike tider og på delt uteområde. Dei to kohortane som samarbeider vil ha felles friminutt og dele uteområde.
  • Me vil ha stort fokus på handhygiene. I tråd med den nasjonale rettleiaren for skule, skal elevar og tilsette vaske hender:
    • Før ein dreg heimefrå og når ein kjem heim
    • Når ein kjem til skule/SFO
    • Etter hosting/nysing
    • Etter toalettbesøk
    • Før og etter måltid
    • Etter ein kjem inn frå uteaktivitet/friminutt
    • Ved synleg skitne hender
  • Det vil bli ny dagsplan for elevane med fire økter kvar dag. Det vil vere nokre endringar i høve til ordinær fag- og timefordelingsplan. Oppstart og slutt på dagen blir som vanleg. 
  • Elevane vil ha meir undervisning ute.
  • Når elevane er ute på tur, vil ein ha med våtserviettar og desinfeksjonsmiddel.
  • Det vil bli forsterka reinhald i klasserom, i fellesareal, ved kontaktpunkt som dørhandtak og ved toaletta.
  • Elevane skal ikke bevege seg rundt i skulebygget. Dei held seg til si inngangsdør og sitt rom.
  • Me vil stenge av vassautomatane, så alle elevar må ha med seg eiga fylt vassflaske på skulen.
  • Elevane vil dele minst mogleg på alt av utstyr.
  • Me ynskjer at foreldre/føresette ikkje blir med inn på skulen/SFO dersom det ikkje er naudsynt.

 

Skuleskyss

  • Finnøy buss har kapasitet til å gjennomføre bussrutene sine med forsvarleg smittevern.
  • Elevar vil sitje åleine på dobbelsetet, og dei vil sitje annakvar elev innst/ytst.
  • Elevane skal gå inn døra bak, og alle elevar vil få merka ein fast plass på bussen.
  • Det vil ikkje vere mogleg å sitje på i bussen for elevar som vanlegvis ikkje høyrer til på den aktuelle bussen
  • Elevar som kjem med båt frå Halsnøy og Ombo får ikkje buss opp frå kaien, men dei går opp saman med reisefølget.   

 

Informasjon om idrettsanlegg

  • Bassenget er stengt, og all gym vil vere ute utan bruk av garderobar.

 

SFO

  • Me vil så langt som råd er ha separate grupper også i SFO.
  • Dersom de veit at de ikkje kjem til å bruke SFO, er det fint om me får tilbakemelding om dette så snart som mogleg.
  • Det kjem meir informasjon om organisering av SFO så snart me har fått alle detaljar på plass
  • Det går ikkje buss kl. 14.30 onsdag og fredag, og det går ikkje buss kl. 16.00.

Her finn du foreldreinformasjon frå Utdanningsdirektoratet.

Ta kontakt med kontaktlærar eller administrasjonen dersom de har spørsmål.

Vel møtt til skulen på måndag!