Meny
Velg seksjon Framside
Finnøy skule Hagabakken 1 4160 Finnøy Telefon: 51914422 Send e-post til oss
SFO Hagabakken 1 4160 Finnøy Telefon: 458 78 249 Send e-post til oss
Redaktør: Bente Tjelta
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Vervarsling frå yr.no, levert av NRK og Meteorologisk institutt
Hurra for delvis opning av skulen!

Det var stor gjensynsglede og mange smil å sjå på sentralskulen i dag, 27/4!

Elevane vart møtte ute med flagg og ballongar, og dei blei delte inn i grupper før dei fekk komme inn i klasseromma. Festdagen vart markert med is til alle elevane!

I dag har me øvd oss på korrekt handvask og på å halde avstand til andre, og elles har fokuset vore på å bli kjent med alle dei nye rutinane på skulen. Dagsrytmen, timeplanen, inngangsdører og klasserom er litt annleis enn vanleg, men både elevar og vaksne tar endringa på strak arm!

No i oppstarten vel me å ikkje gje heim lekser, men me oppmodar alle til å setje av litt tid til lesing kvar dag.

Takk for godt samarbeid!

 

Main Image
Bilete 1 av 6