Meny
Velg seksjon Framside
Finnøy skule Hagabakken 1 4160 Finnøy Telefon: 51914422 Send e-post til oss
SFO Hagabakken 1 4160 Finnøy Telefon: 458 78 249 Send e-post til oss
Redaktør: Bente Tjelta
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Vervarsling frå yr.no, levert av NRK og Meteorologisk institutt
Velkommen tilbake 5.-10. trinn!

No har regjeringa bestemt at alle skular kan opne opp innan 15/5.

På måndag 11/5 ynskjer me 10. trinn velkommen.

På onsdag 13/5 ynskjer me 7., 8. og 9. trinn velkommen.

På torsdag 14/5 ynskjer me 5. og 6. velkommen.

Alle elevane på sentralskulen vil ha same start og slutt på dagen som dei har hatt i det ordinære tilbodet, og me vil ha alle elevane på skulen kvar dag frå oppstartstidspunktet til trinnet.

Det vil bli nokre endringar i timeplan og struktur, for å leggje til rette for færre elevar ute i friminutta samtidig. Trinna vil også få avgrensa uteområde å boltre seg på.

Elevane møter opp ute på tildelt område. På måndag møter 10. trinn på baksida av u.trinn. Ingen elevar skal gå inn i skulebygget før undervisninga startar opp. Det er viktig at elevane som går eller syklar ikkje kjem for tidleg til skulen, slik at me slepp ei unødvendig opphopning av elevar på uteområdet vårt.

Alle trinna vil bli delte i to kohortar. I 1.-4. klasse vil me difor slå i saman klassane til ein kohort.

Bussane vil etter planen gå som normalt, men det vil ikkje vere buss som hentar elevar som kjem med båt frå dei andre øyane. Finnøy buss vil auke kapasiteten sin gjennom å nytte fleire bussar. Alle elevane vil få fast plass på bussane for å ivareta smittevernet.

I tråd med den nasjonale smittevernrettleiaren for skule, har me skjerpa handhygiene ved skulen, og elevane skal vaske hender før ein dreg heimefrå og når ein kjem heim, når ein kjem til skulen, etter hosting/nysing, etter toalettbesøk, før og etter måltid, etter ein kjem inn frå uteaktivitet/friminutt og ved synleg skitne hender. Det er også forsterka rutinar på vask av pultar, dørhandtak, toalett osb.

Det er viktig at ingen barn eller vaksne med luftvegssymptom kjem på skulen. Dersom eleven er plaga av allergi, er det viktig å halde god dialog med kontaktlærar om dette.

Vassautomatane er stengde, så alle elevar må ha med seg eiga fylt vassflaske på skulen. Elevane vil dele minst mogleg på alt av utstyr. Bassenget er stengt, og all gym vil vere ute utan bruk av garderobar.

Til slutt minner me om at me på skulen skal halde på avstandsregelen på ein meter, og ikkje ha samlingar med mange tilstades. Dette oppfordrar me også heimane til å følge opp på fritida.