Meny
Velg seksjon Framside
Finnøy skule Hagabakken 1 4160 Finnøy Telefon: 51914422 Send e-post til oss
SFO Hagabakken 1 4160 Finnøy Telefon: 458 78 249 Send e-post til oss
Redaktør: Bente Tjelta
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Vervarsling frå yr.no, levert av NRK og Meteorologisk institutt
Skyss og organisering av skuledagen

Frå torsdag 14/5 vil alle elevar vere tilbake ved sentralskulen. Detter gler me oss over, men me må gjere nokre grep for at dette skal fungere godt.

Me vil dele busskyssen på Finnøy og Talgje i to puljer. Slik unngår me at for mange elevar samlar seg på busshaldeplassane samstundes, og at dei kjem til skulen på same tida.

 

Reise til skulen:

Alle dagar:

Skyss 1: med start som vanleg. Dette gjeld 1.-4. trinn og 10. trinn

Skyss 2: med start 10 minutt seinare. Dette gjeld 5.-9. trinn.

 

Avreise frå skulen:                         

Måndag, tysdag og torsdag:        

1.-4. trinn + 10. trinn kl. 14.30 (ti minutt tidlegare enn vanleg)                         

5.-9. trinn  kl. 14.40   

Onsdagar:

1.-4. trinn kl. 12.45 (ti minutt tidlegare enn vanleg)                   

5.-7. trinn kl. 12.55   

8., 9. og 10. trinn kl. 14.40    

Fredag:

1.-4. trinn kl. 12.35        

10. trinn kl. 14.30 (ti minutt tidlegare enn vanleg)

5.- 9. trinn kl. 14.40

 

Me ber om at alle elevar som går eller syklar til skulen, kjem presis til skulestart. Me ynskjer færrast mogleg elevar på skuleområdet før kl. 8.50.

Alle klassane har fått eige oppmøteområde ute der klassen skal samlast før oppstart. Ingen elevar skal inn i skulebygga før skulestart.