Meny
Velg seksjon Framside
Finnøy sentralskule Hagabakken 1 4160 Finnøy Telefon: 51 71 41 00 Send e-post til oss
SFO Hagabakken 1 4160 Finnøy Telefon: 458 78 249/ 51714109 Send e-post til oss
Redaktør: Bente Tjelta
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Vervarsling frå yr.no, levert av NRK og Meteorologisk institutt
Velkommen til skulestart 17. august

Kjære elevar og foreldre på Finnøy sentralskule

Håpar alle har hatt ein fin sommarferie!

Vi gler oss til skulestart, og til å treffa nye og gamle elevar igjen. Skulen startar opp på gult nivå med tanke på smittevern, noko som gjer at vi framleis har tiltak som skal sørgje for at elevar og tilsette har ein trygg oppstart og skulekvardag framover. Det er derfor viktig at alle følgjer godt med på skulen si heimeside og får med seg oppdatert og nyttig informasjon. legg merke til teksten under "les meir" om tidspunkt og stad elevane skal møte.

De vil få meir informasjon om korleis skuledagen vil bli framover etter kvart.

Vi ønsker dykk ein fin oppstart av skuleåret!

Oppstart 1. trinn: 
1. trinn startar første skuledag kl. 09.30. 1A møter opp på nytt leikeområde på oppsida nord for SFO bygget, 1B møter i nordre enden av fotballbanen.

Vi ber om at berre ein vaksen følgjer eleven. Den vaksne kan dessverre ikkje vera med inn i klasserommet, men vi vil samle dykk i Kulturstova og SFO rommet

Oppstart for 2.-10. trinn er vanleg tid, kl. 08.50

Møtestad:
2. trinn møter på nordre enden av fotballbanen
3. trinn møter på gamalt leikeområde bak skulen
4. trinn møter på asfaltområde bak skulen
5. trinn møter utanfor hovudinngangen ved ungdomstrinnet sin skulegard
6. trinn møter i søre enden av fotballbanen
7. trinn møter under halvtaket ved toaletta
8. trinn møter ved nordre inngang til ungdomstrinnbygget, mot hovudinngang
9. trinn møter ved søre inngang til ungdomstrinnbygget, mot parkeringsplassen
10. trinn møter ved vestre inngang til ungdomstrinnbygget, mot vegen

Hugs å minne elevane på følgjande:

  • Vaska hendene før dei går heimanfrå
  • Unngå handhelsing og klemming
  • Unngå trengsel og store samlingar
  • Berre ta med naudsynt utstyr til skulen, ikkje leiker o.l.
  • Fylla opp vassflaska heime, vassautomatane på skulen er stengde
  • Halda seg til sin arbeidsplass på skulen
  • Ha friminutt på ulike tidspunkt og ulike soner i forhold til trinn ein ikkje samarbeidar med

Vel møtt!

Helsing rektor

Bente Tjelta