Meny
Velg seksjon Framside
Finnøy skule Hagabakken 1 4160 Finnøy Telefon: 51914422 Send e-post til oss
SFO Hagabakken 1 4160 Finnøy Telefon: 458 78 249 Send e-post til oss
Redaktør: Bente Tjelta
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Vervarsling frå yr.no, levert av NRK og Meteorologisk institutt
Oppstart av SFO 17. august

Første skuledag er den 17. august, og då er også SFO open for nye førsteklassingar like etter skuledagen er slutt, dersom de har behov for det. Me startar for fullt med 1. klasse den 18. august, då me reknar med at fleire reiser tidleg heim etter skulen på måndagen. For dei andre er det vanleg dag også måndag 17. august.

Me vil dele inn borna i trinnvise grupper om ettermiddagane. Om morgonane er me samla i starten, men er då utandørs og held avstand. Det blir servert eit måltid om ettermiddagen. Det er ønskeleg at borna har med seg eiga drikkeflaske.

SFO har ope frå 7.15 om morgonen og fram til skulestart. Om ettermiddagane er det ope frå skulen sluttar og fram til 16.30.

Dei som gjekk i SFO før sommaren må gje tilbakemelding på ace@stavanger.kommune.no dersom de vil gjere endring i dagar og tider. Me veit ikkje endå om SFO-borna får ta 14.30-bussen på onsdagar og fredagar. Info kjem så snart me veit noko.

På første skuledag vil Ayna Camilla prate med alle 1. klasse-foreldra om dagar og tider dei ønsker å nytte SFO-tilbodet, og vil vere tilgjengeleg for spørsmål.