Meny
Velg seksjon Framside
Finnøy sentralskule Hagabakken 1 4160 Finnøy Telefon: 51 71 41 00 Send e-post til oss
SFO Hagabakken 1 4160 Finnøy Telefon: 458 78 249/ 51714109 Send e-post til oss
Redaktør: Bente Tjelta
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Vervarsling frå yr.no, levert av NRK og Meteorologisk institutt
Litteraturveke

No er litteraturveka over for denne gong. 

Me har hatt ein kjekk og litt annleis veke med fokus på eventyr. Me har i løpet av veka jobba med mange av dei kjende eventyra våre. Me har både høyrt eventyr blitt lest og me har sett film om eventyra. I tillegg har me dramatisert, teikna og leika eventyra. 

Eit eksempel er når me arbeida med eventyret om Skinnvotten. Då var me så heldige at Rektor Bente kom innom og hadde høgtlesing for oss. Etterpå såg me ein filmsnutt av eventyret før me dramatiserte dette fleire gonger slik at alle fekk vere med. Til slutt teikna me votten og alle dyra slik at alle kunne vere med på å leike det same eventyret. Kjekt :) Til den siste aktiviteten me hadde var det fleire av elevane som hadde lært store delar av eventyret utanåt og kunne fortelje det sjølv. 

I dag var Anja (inspektør) innom klassen og hadde "basar" for oss. Alle fekk kvar sitt lodd og var med i trekninga av ei kjekk bok som ein heldig elev i klassen vann. Me fullførte litt av det me har jobba med i løpet av veka før me i aller siste time hadde kino saman på trinnet. Då vart det servert popcorn til og det var meget populært! 

Så no kan me berre glede oss til neste litteraturveke som kjem i 2. klasse. 

Main Image

Bilete 1 av 4