Meny
Velg seksjon Framside
Finnøy skule Hagabakken 1 4160 Finnøy Telefon: 51914422 Send e-post til oss
SFO Hagabakken 1 4160 Finnøy Telefon: 458 78 249 Send e-post til oss
Redaktør: Bente Tjelta
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Vervarsling frå yr.no, levert av NRK og Meteorologisk institutt
Skulestart på raudt nivå

Alle skulane i Stavanger kommune er sett på raudt nivå pga. auka smitte i regionen. Dette fører til skjerpa rutinar i høve til smittevern.

Alle klassar forblir ein kohort, bortsett frå 9. trinn som blir delt i gamal 9a/9b.

Mellom kohortane vil det ikkje vere samarbeid i timar eller i friminutt. Det vil derfor bli fordeling av uteområda slik at kvar kohort har sitt eige område til friminutt.

Me har førebels ikkje fått informasjon om endring i skuleskyss, men kjem ut med informasjon om dette så snart me eventuelt får beskjed.

Alle elevar skal møte opp på skulen til vanleg tid i morgon:

  • 1a møter ved ny leikeplass v/sandkassen
  • 1b møter ved ny leikeplass v/karusellen
  • 2a møter ved gamal leikeplass – øvste nivå
  • 2b møter ved gamal leikeplass – nedre nivå
  • 3a møter ved inngang ved melkerom
  • 3b møter ved asfalt nær sfo
  • 4a møter på fotballbane nord, mot skråning
  • 4b møter på fotballbane nord, mot hallen
  • 5a møter ved hovudinngang
  • 5b møter ved bakken med vennebenk
  • 6a møter ved fotballbane sør
  • 6b møter ved halvtak ved basseng
  • 7a møter ved fotballbane midt
  • 7b møter ved halvtak under sfo
  • 8a møter på basketbanen
  • 8b møter føre inngang 8. trinn
  • 9a møter ved inngang 9. trinn
  • 9b møter ved sjakkområdet
  • 10. møter ved inngang 10. trinn

Det vil vere vakter ute som hjelper elevar til å finne sitt uteområde.

Det vil bli ein del digitale løysingar i timar på ungdomstrinnet der fleire kohortar plar vere saman i klasserommet.

Me minner om at ingen med luftvegssymptom må møte på skulen, at elevar ikkje tar med seg leiker el. heimefrå og at ein er ekstra nøye med handhygienen.

Saman skal me få dette til!