Meny
Velg seksjon Framside
Finnøy skule Hagabakken 1 4160 Finnøy Telefon: 51914422 Send e-post til oss
SFO Hagabakken 1 4160 Finnøy Telefon: 458 78 249 Send e-post til oss
Redaktør: Bente Tjelta
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Vervarsling frå yr.no, levert av NRK og Meteorologisk institutt
Finnøy sentralskule ynskjer å vera ein leksebevisst skule

Det siste året har me hatt mange diskusjonar om lekser. Elevane har drøfta temaet i klassar og elevråd. Foreldra har drøfta lekser på FAU møte og dei tilsette på skulen har drøfta temaet i personalmøte. I tillegg har me i lag med FAU, sendt ut spørjeskjema til foreldre, elevar og tilsette.
Som venta var det variasjon i svara. Det er dei tilsette som er mest positive til lekser. 72,1% svarte at dei ynskja lekser som no eller bli enda meir bevisst på kva lekser me gir. Foreldra hadde litt større variasjon i spørsmåla, men det var 40% som var tydelege på at dei ikkje ynskjer lekser for barnet sitt. Elevane var mest positive til ein leksefri skule. 61,5% ynskjer at skulen er leksefri.
Leiinga har drøfta resultatet og sett på resultata ilag med FAU leiar. Leiinga tok ei avgjersle og landa på at me skal ha ein skule som er bevisst på kva lekser me gir. No startar prosessen med å diskutera kva det betyr for oss. Kva er ein leksebevisst skule? 

Personalet på skulen tek saka vidare og vil tidleg i haust laga retningslinjer for kva lekser ein skal ha på dei ulike trinn. I arbeidet vil ein ta med professor Thomas Nordahl ved SePU, Høgskolen i Hedmark, sine lekseråd:

“Internasjonal forskning viser at lekser har en positiv effekt på elevenes læring – hvis visse betingelser er oppfylt. Elever som har fått og gjort lekser gjennom 10 års grunnskole ligger i snitt ett år foran elever som ikke 

har gjort hjemmearbeid. Men det er ikke slik at jo mer lekser elevene får, jo mer lærer de. Hverdagen til barn og unge må bestå av flere ting enn skole og lekser, understreker Thomas Nordahl.
Skolen må være bevisst følgende:
Lekser bør ha et moderat omfang.
Skolen må gi lekser på stoff som er gjennomgått på skolen av læreren.
Leksene kan ikke være for vanskelige. Det er viktig at eleven opplever mestring.
Elever med relativt svake skolefaglige prestasjoner bruker mer tid på lekser enn de som presterer godt. For disse må læreren passe på at de ikke må gjøre mer hjemme enn nødvendig. Igjen er mestring stikkordet.”

                                                                                                                                                                                          Ragnhild Narum, (2012), Thomas Nordahl gir lekseråd, hentet fra URL