Meny
Velg seksjon Framside
Finnøy skule Hagabakken 1 4160 Finnøy Telefon: 51914422 Send e-post til oss
SFO Hagabakken 1 4160 Finnøy Telefon: 458 78 249 Send e-post til oss
Redaktør: Bente Tjelta
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Vervarsling frå yr.no, levert av NRK og Meteorologisk institutt
Solidaritetsløp

I dag har 5.-7. klasse hatt solidaritetsløp til inntekt for Cochabambabarna i Bolivia. Dei har tilsaman sprunge 2970 rundar som utgjer utrulege 692,01 km! Me er utruleg stolte av elvane våre som har gjort ein formidabel innsats for å samla inn pengar til Cochabambabarna!

Cochabambabarn er eit hjelpeprosjekt som foregår i Bolivia. Organisasjonen Cochabambabarn gjer kvardagen lettare for 150 barn og gjer at dei kan gå på skule. I tillegg får dei eit varmt og godt måltid, familiane får hjelp i deira vanskelege kvardag og medarbeidarane i prosjektet hjelper barna med lekser.

Det å kunne vere med på å hjelpe andre har vore ein lang tradisjon for oss på Finnøy, men dette er første gongen at me har sprunge til inntekt for Cochabambabarna og me er utruleg stolte over den innsatsen som elevane har vist oss i dag. Dette ønskjer me å gjere igjen!

Elevane på 5.-7. trinn sprang 2970 rundar tilsaman. Det utgjer 692,01 km! For å setja dette i samanheng utgjer dette meir enn 150 km meir enn Finnøy-Kristiansand tur/retur....

Rektor Bente Tjelta klarte å springa inn 1000 kroner. I tillegg sponsar skulen elevane med ei krone for kvar runde. Kva dette resulterte i pengar veit me ikkje ennå. Elevane hadde samla seg mange sponsorar, så det blir spennande å sjå kva beløpet blir. Etter løpet fekk elevane pølser som lærarane hadde grilla. Takk for ein flott innsats og ein flott dag.