Meny
Velg seksjon Elevrådet
Finnøy sentralskule Hagabakken 1 4160 Finnøy Telefon: 51 71 41 00 Send e-post til oss
SFO Hagabakken 1 4160 Finnøy Telefon: 458 78 249/ 51714109 Send e-post til oss
Redaktør: Bente Tjelta
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma

7. klasse la i januar fram sak i elevrådet om

at dei ønska volleyballnett i skulegården.

Dette viste seg å vera ei enkel sak, for rektor kunne

melde at skulen hadde både stenger og nett på lager.

Innan ei veke hadde vår gode vaktmeister fått det

på plass i skulegården.

Det blei kjøpt inn ball, og 7.klasse har tatt på seg ansvaret for

å setje nettet opp kvar måndag,

og ta det ned kvar fredag.

Kos dykk med volleyball!


Bassenget på skulen blei før jul stengt på grunn av 

vedlikehald og reparasjonar. På døra kom lapp med 

beskjeden: Bassenget er stengt på ubestemt tid.

Dette bekymra elevar i både barne og ungdomstrinnet, og

blei tatt opp som sak i elevråda i januar.

Kor lenge må me vera utan basseng, og kor lenge

er det lov å ha det stengt?

Heldigvis kan rektor nå i mars melde at viss alt går etter

planen skal bassenget vera i drift igjen etter påske!

Ein kjekk nyhet for alle symjeglade elevar og lærarar!

 


Elevar i barneskulen, og lærarane, har meldt inn at

gjerde rundt fotballbanen er for lågt. Fleire gonger til dagen

blir ballen sparka over. For å hente ballen må ein krysse trafikkveg,

noko som kan skape farlege situasjonar,

og vaktene må gå frå elevane på sitt område, for henting.

Elevrådet bestemte seg difor for å sjekke ut saka. To elevrådsrepresentantar

tok med måleband, og målte gjerde. Det viser seg at gjerde ned mot

hallen er berre 1 meter høgt i forhold til banen. 

Elevrådet har no, i mars, meldt saka inn i VOF- systemet (Varsel Om Feil) 

til Stavanger kommune. Kjem tilbake til saka når me har fått svar.


I september kom det inn ønske frå ungdommar om

meir å gjera ute i skulegården. I oktober tok elevrådet

kontakt med ulike bedrifter, og fekk tilbud på ulike 

aktivitetsutstyr til skulegården. Tilbuda la dei la fram for leiinga.

Elevrådet fekk vite at det kanskje var litt pengar som kunne nyttast

til skulegårdprosjektet. Dette på grunn av moglege omdisponeringar

på budsjettet, men tida var knapp då midlane måtte brukast før nyttår.

I november begynte ballen å rulla, og før nytt år og nytt budsjett,

blei det resultater. Elevrådet såg på tilbuda ein siste gong, og

etterpå var det ei gruppe sett saman av representantar

frå leiinga, elevrådet og lærarane, som tok den endelege beslutninga

om kva ein ville gå for ut frå pengane ein hadde til rådighet.

Bestilling til Rampline blei lagt inn i siste liten i veka før juleferien.

Håpar mange vil nytte plassen, både som ein plass å vera i aktivitet,

og som ein plass å slå av ein god prat:)


I oktober fekk elevrådet brev om at Ungdomsrådet 

i Finnøy kommune hadde tildelt ungdomsskulen

rundt 12000 kr. Pengane skulle brukast til utstyr 

som kan fremja aktivitet i friminutta ute, og litt av pengane

skulle brukast til å kjøpe inn to sett med spikeball.

Berre ein ting å seie: Tusen takk til Ungdomsrådet!!


Elevrådsmedlemmane på dei ulike trinna inviterte

i desember klassane sine inn i kulturstova.

Først var det julekahoot, og vinnarlaget fekk kvar sin 

nissesjokolade som seg hør og bør i desember:).

Etterpå blei det servert kakao og pepperkaker, og

elevane fekk spele airhockey, fotballspel, biljard,

curling/shuffleboard og kortspel.

Mange livlige, kjekke elevar, og god stemning i salen.


Å besøke klassar er gøy!

I desember blanda elevrådet saft, fann fram pepperkaker og skrudde

julemusikken på bånn gass, og dansa inn i klasseromma med nissehuer på. 

Det blei delt ut pepperkaker og saft til smilande og hyggelege barn,

og før ein trakk seg ut av rommet ønska ein alle ei rektig GOD JUL!!!


Ungdomsskulen hadde over tid lagt inn ønske om å få lov til å vera

meir inne i friminutta. Dette ville elevrådet der gjera noko med, og i

oktober byrja dei å planlegga ei ny friminuttordning i storefri.


I september valgte elevråda logo til årets skulegenser.

Det blei vedteke at alle i 5. - 10. klasse

skulle få tilbud om å kjøpe. Fleire ansatte ønska og å bestille. 

Nytt i år var at ein kunne velge mellom t-skjorte, longsleeve og hettegenser.

I starten av desember kom store pappesker

frå University til skulen, og rundt 170 plagg blei delt ut.