Meny
Velg seksjon Barneskulen 3
Finnøy skule Hagabakken 1 4160 Finnøy Telefon: 51914422 Send e-post til oss
SFO Hagabakken 1 4160 Finnøy Telefon: 458 78 249 Send e-post til oss
Redaktør: Bente Tjelta
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Tusen takk for godt oppmøte på aksjonsdagen hjå oss i dag! Me har samla inn kr. 32.460,- (oppdatert 1/11) til Redd Barna.

Endeleg er me igang ned lyttevenner på 3. trinn. Og for ein positiv og inspirerande gjeng!

Tusen takk for ein super start på dette flotte prosjektet! 


Frå skuleåret 2023/2024 skal samtykka frå føresette registrerast i Vigilo.
Føresette må logga på i nettlesar/pc for å sjå meldinga om samtykke, og skjema som skal kyssast av. Meldinga kan ikkje lesast i Vigilo-appen.
Det gis samtykke for kvar elev.

Sjå vedlegg.

 


Informasjon om skulemat og mobilfri skule finn de under INFO i høgremenyen.

 

 


Sentralbordnummer - Finnøy sentralskule:  51914422    

Mette Lise Bakka, skulekonsulent: 51914421
Bente Tjelta, rektor: 51914423
Ayna Camilla Eno: avdelingsleiar 1.-4. trinn  955 52 429
Bjørn- Arild L. Fuglesten: avdelingsleiar 8.-10. trinn  51912641 
SFO: 458 78 249
Margunn Tungland Nordbø, rådgjevar: 51914427        
 

I morgon skal alle i 1. - 7. klasse ut for å plukke søppel. Det har meldt regn så hugs å send med regntøy viss elevane ikkje har det på skulen frå før. Det er og ein del som manglar byteklede, så det kan vere smart å sende med det og. 

Me har satt opp foreldremøte måndag 22. mai, kl. 17.45 - 19.15. Innkalling og meir informasjon kjem i løpet av neste veke. 

Vibeke er framleis sjukemeld. Dokke kan sende beskjedar til ho så formidlar ho dei vidare. Er det ting som haster kan de ta kontakt med skulen eller sende Grete ein sms. 

Vigilo blir teken i bruk for kommunikasjon mellom heim og skule 
I  mai 2023 blir Vigilo teken i bruk for kommunikasjon mellom heim og skule på alle kommunale barne- og ungdomskular i Stavanger kommune, og vår skule set i gong den 10. mai. Foreldre med barn på barneskular kan då kommunisera med skulen gjennom Vigilo foreldreportal i nettlesar, eller Vigilo app til smarttelefon og nettbrett.  
Tidlegare har kommunikasjon gått i ulike kanalar, mellom anna ranselspost, e-post og SMS. Når me no går over til Vigilo sin kommunikasjonsmodul betyr det ein tryggare og meir effektiv måte å kommunisera på, for både foreldre og tilsette ved skulen.    

Kva bruker me Vigilo til?  
Vigilo blir brukt til å dela praktisk informasjon mellom deg og skulen. Du skal bruka Vigilo for å senda meldingar til skulen, melda fråvær og for å få tilgang til innhald publisert av skulen. Skulen vil tilsvarande senda meldingar og publisera informasjon til deg i Vigilo.  
Sensitiv informasjon skal ikkje delast med skulen via Vigilo. Døme på dette er opplysningar om helse, religion, mobbesaker og personleg økonomi. For slike førespurnader kan du senda ei melding i Vigilo for å avtala eit møte, eller ringja skulen.  

For meir informasjon om korleis kommunen behandlar personopplysningar og rettane dine, sjå Stavanger kommunes nettside ( www.stavanger.kommune.no/vigilo )

Korleis komma i gang?  
Du kan logga inn i Vigilo foreldreportal i nettlesar på PC, Chromebook eller nettbrett. Du kan også lasta ned Vigilo sin app til smarttelefon eller nettbrett gratis frå App Store eller Google Play. 

I Vigilo app får du tilgang til å sjå nyheiter, senda meldingar og melda fråvær. Dersom du har fleire barn i skulen, vel du barn øvst i biletet.   
I foreldreportalen i nettlesar får du i tillegg tilgang til fråværsoversikt, påmeldingar, søknader, innsyn i timeplanen til barnet, registreringar i orden og åtferd, og karakterar. Foreldre kan sjå eige profilkort ved å klikka på namnet sitt øvst i høgre hjørne.  

Kven har tilgang?  
Foreldre med foreldrerett i Folkeregisteret kan sjå eigne barn i Vigilo. Fosterforeldre blir også gitt tilgang. Du kan kontrollera og endra opplysningane dine i folkeregisteret her:  
https://www.skatteetaten.no/person/folkeregister/endre/ 
Foreldres mobilnummer og e-post blir henta frå Kontakt- og reservasjonsregisteret (KRR). Verken skulen eller kommunen sentralt kan endra desse opplysningane for deg. Du må derfor sjølv kontrollera og endra opplysningane dine her:  

https://www.norge.no/nb/digital-borgar/oppdater-kontaktinformasjon  

Treng du hjelp?  
Ta kontakt med skulen om du har spørsmål eller tilbakemeldingar om Vigilo.       
Sjå også Vigilo hjelpesenter: https://vigilo.no/hjelpesenter/   


Me har ikkje fått med informasjon om symjing på vekeplanen denne veka, men det er gruppe 2 som skal ha symjing. 

Det er: Emil, Sølve, Isak, Vetle, Matias, Jon Magnus, Ellinor, Olivia, Thea, Inga Lea og Naomi. 

Pakk med symjetøy, badehette, såpe og handkle. 


Vinteren er her og det er viktig at elevane har gode uteklede. Det vil seie ei tjukk jakke, utebukse og/eller dress. Dei må og ha hanskar, hue og slikt. Hugs å merke alt med namn! 

Det er og ein del som treng påfyll av byteklede! Det kan fort bli litt byte når det er mykje kjekk leik ute. 


Det er kaldare ute og me vil minne om at det kan ver godt å ha ei utebukse eller dress å ta på seg i friminutt og på uteskule. 

Mange av elevane på trinnet manglar regntøy og byteklede her på skulen. Høyr med ditt born og send med om dei ikkje har her på skulen! Og om dei ikkje har ekstra som kan ver på skulen så må dei ha det klart i sekken. 


Referat frå foreldremøtet er no lagt under dokumenter her på sida. 

Takk til Karina for flott referat! 


Ein av elevane gjorde oss merksame på at det er ein feil på vekeplanen. 
På framsida i tabellen med lekser står det "Uteskule tysdag! Hugs mat osv." Det var i fjor me hadde uteskule på tysdagen og denne beskjeden gjeld på torsdag. Beklager dette. 

Det blir foreldremøte for 3. trinn måndag 19. september, kl. 17.30 - 19.00. 
Meir informasjon kjem seinare. 

Me ser at ikkje alle har regntøy og byteklede på skulen. Me ynskjer at alle har dette tilgjengelig. Enten at det ligg på skulen eller at dei har det med seg i sekken. 

Me har fått melding om at bassenget er steng i nokre dagar pga. ein feil og nytt utstyr må bestillast. 
Det blir difor gym for begge klassane i morgon og Gruppe 1 får bading når bassenget er klart.