Meny
Velg seksjon Barneskulen Innføringsklasse
Finnøy skule Hagabakken 1 4160 Finnøy Telefon: 51914422 Send e-post til oss
SFO Hagabakken 1 4160 Finnøy Telefon: 458 78 249 Send e-post til oss
Redaktør: Bente Tjelta
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
10. planar og dokument
10. trinn
Kirsti Esperås
Tor Magne Moen
2. planar og dokument
2. trinn
Ane Fuglesten
Silje Dyrseth
5. planar og dokument
5. trinn
Silje Berge Olsen
Silje Aandstad

Frå skuleåret 2023/2024 skal samtykka frå føresette registrerast i Vigilo.
Føresette må logga på i nettlesar/pc for å sjå meldinga om samtykke, og skjema som skal kyssast av. Meldinga kan ikkje lesast i Vigilo-appen.
Det gis samtykke for kvar elev.

Sjå vedlegg.

 


Informasjon om skulemat og mobilfri skule finn de under INFO i høgremenyen.

 

 


Vigilo blir teken i bruk for kommunikasjon mellom heim og skule 
I  mai 2023 blir Vigilo teken i bruk for kommunikasjon mellom heim og skule på alle kommunale barne- og ungdomskular i Stavanger kommune, og vår skule set i gong den 10. mai. Foreldre med barn på barneskular kan då kommunisera med skulen gjennom Vigilo foreldreportal i nettlesar, eller Vigilo app til smarttelefon og nettbrett.  
Tidlegare har kommunikasjon gått i ulike kanalar, mellom anna ranselspost, e-post og SMS. Når me no går over til Vigilo sin kommunikasjonsmodul betyr det ein tryggare og meir effektiv måte å kommunisera på, for både foreldre og tilsette ved skulen.    

Kva bruker me Vigilo til?  
Vigilo blir brukt til å dela praktisk informasjon mellom deg og skulen. Du skal bruka Vigilo for å senda meldingar til skulen, melda fråvær og for å få tilgang til innhald publisert av skulen. Skulen vil tilsvarande senda meldingar og publisera informasjon til deg i Vigilo.  
Sensitiv informasjon skal ikkje delast med skulen via Vigilo. Døme på dette er opplysningar om helse, religion, mobbesaker og personleg økonomi. For slike førespurnader kan du senda ei melding i Vigilo for å avtala eit møte, eller ringja skulen.  

For meir informasjon om korleis kommunen behandlar personopplysningar og rettane dine, sjå Stavanger kommunes nettside ( www.stavanger.kommune.no/vigilo )

Korleis komma i gang?  
Du kan logga inn i Vigilo foreldreportal i nettlesar på PC, Chromebook eller nettbrett. Du kan også lasta ned Vigilo sin app til smarttelefon eller nettbrett gratis frå App Store eller Google Play. 

I Vigilo app får du tilgang til å sjå nyheiter, senda meldingar og melda fråvær. Dersom du har fleire barn i skulen, vel du barn øvst i biletet.   
I foreldreportalen i nettlesar får du i tillegg tilgang til fråværsoversikt, påmeldingar, søknader, innsyn i timeplanen til barnet, registreringar i orden og åtferd, og karakterar. Foreldre kan sjå eige profilkort ved å klikka på namnet sitt øvst i høgre hjørne.  

Kven har tilgang?  
Foreldre med foreldrerett i Folkeregisteret kan sjå eigne barn i Vigilo. Fosterforeldre blir også gitt tilgang. Du kan kontrollera og endra opplysningane dine i folkeregisteret her:  
https://www.skatteetaten.no/person/folkeregister/endre/ 
Foreldres mobilnummer og e-post blir henta frå Kontakt- og reservasjonsregisteret (KRR). Verken skulen eller kommunen sentralt kan endra desse opplysningane for deg. Du må derfor sjølv kontrollera og endra opplysningane dine her:  

https://www.norge.no/nb/digital-borgar/oppdater-kontaktinformasjon  

Treng du hjelp?  
Ta kontakt med skulen om du har spørsmål eller tilbakemeldingar om Vigilo.       
Sjå også Vigilo hjelpesenter: https://vigilo.no/hjelpesenter/