Meny
Velg seksjon Framside
Finnøy sentralskule Hagabakken 1 4160 Finnøy Telefon: 51 71 41 00 Send e-post til oss
SFO Hagabakken 1 4160 Finnøy Telefon: 458 78 249/ 51714109 Send e-post til oss
Redaktør: Bente Tjelta
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Vervarsling frå yr.no, levert av NRK og Meteorologisk institutt

Kjære elevar og foreldre på Finnøy sentralskule

Håpar alle har hatt ein fin sommarferie!

Vi gler oss til skulestart, og til å treffa nye og gamle elevar igjen. Skulen startar opp på gult nivå med tanke på smittevern, noko som gjer at vi framleis har tiltak som skal sørgje for at elevar og tilsette har ein trygg oppstart og skulekvardag framover. Det er derfor viktig at alle følgjer godt med på skulen si heimeside og får med seg oppdatert og nyttig informasjon. legg merke til teksten under "les meir" om tidspunkt og stad elevane skal møte.

De vil få meir informasjon om korleis skuledagen vil bli framover etter kvart.

Vi ønsker dykk ein fin oppstart av skuleåret!


Skulen minner om at det ikkje skal sleppast av/hentast barn ved skulen eller fleirbrukshallen pga. trafikktryggleik.

FAU og SMU har i samråd med Trygg trafikk bestemt at dersom ein vil køyre barna til skulen, skal dei sleppast av ved rådhuset, slik at dei kan gå stien opp til barnehagen og følgje fortauet til skulen.

Takk for at de vil hjelpe til med å skape eit trygt nærmiljø rundt skulen vår.


Frå 1.august gjeld nye reglar om elevane sitt skulemiljø. I det nye regelverket er det stilt tydeleg krav til skulane om å informere elevane og foreldra om rettane i kapittel 9A. Skulane skal også informere om aktivitetsplikta og at saka kan meldast til Fylkesmannen.  
Fylkesmannen har laga ein kort informasjonsvideo, og oppdatert nettsida si slik at det skal vere enkelt å finne informasjon og kontaktopplysningar.  
Link til informasjonsvideoen ser de under lenkjesamlinga på høgre side.
Videoen kan også delast frå Fylkesmannen si Facebook-side: https://www.facebook.com/fylkesmannenrogaland/?hc_ref=PAGES_TIMELINE&fref=nf
Sjå også Fylkesmonsvideo:https://www.youtube.cov=9ewPaNLozV8  Fylkesmannen si nettside Ein trygg skuledag utan mobbing: https://www.fylkesmannen.no/nb/Rogaland/Prosjekt/Trygt-og-godt-skolemiljo/?id=108340  

Rektor