Meny
Velg seksjon Framside
Fogn 4164 Fogn
Telefon: 51 71 46 80 Send e-post til oss
Redaktør: Hilde Folkvord Juul
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Takk, Aud Marie!

I dag, fredag 5. mai, hadde Aud Marie Bøe sin siste arbeidsdag på Fogn oppvekstsenter. Aud Marie har vore reinhaldar på oppvekstsenteret i nærmare 20 år, og alle er særs godt nøgde med den gode og grundige jobben ho har gjort! Difor måtte vi feira ho litt ekstra på fredag, då heile oppvekstsenteret var samla til felleslunsj med is og sjokoladesaus til dessert! Elevar og barnehagebarn hadde laga til kort og teikningar til Aud Marie, og mange fine ord vart lest opp. Aud Marie vil få takk frå både tilsette og føresette under sommaravslutningane i juni, men i dag var det altså borna som ville takka Aud Marie spesielt!

Klikk "les mer" for å sjå nokre fleire bilete frå lunsjen, i tillegg til eit par bilete frå seinare på dagen, då elevane var flinke til å rydda søppel og fekk vannmelon som belønning!

 
Main Image
Bilete 1 av 8