Meny
Velg seksjon Framside
Fogn 4164 Fogn
Telefon: 51 71 46 80 Send e-post til oss
Redaktør: Hilde Folkvord Juul
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Topptur til Bandåsen!

I dag, fredag 8. september, var 1.-7. klasse på hausttur til Bandåsen på Ombo. Alle elevane imponerte både på vegen opp og ned til den høgaste toppen i kommunen, som ruvar 513 meter over havet! Helge hadde med seg både marshmallows, seigmenn og mini-gulerøtter i sekken sin, noko som heilt klart hjalp på motivasjonen til dei unge turgåarane! Når i tillegg dei store var knallflinke til å hjelpe dei små, så vart dette heilt topp!

Vi brukte i overkant av 1 time på vegen opp, og omlag 40 minutter på vegen ned, noko som gjorde at vi hadde nok tid til å køyre og sjå på "Ombogubben" på vegen tilbake til ferja.

Klikk "les mer" for å sjå fleire bilete frå turen!

 

 
Main Image
Bilete 1 av 27