Meny
Velg seksjon Framside
Fogn 4164 Fogn
Telefon: 51 71 46 80 Send e-post til oss
Redaktør: Hilde Folkvord Juul
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Har lese over 5000 sider på tre dagar!

Det går i lesing på Fogn oppvekstsenter for tida! Trykk "Les mer" for å få meir informasjon gjennom både tekst og bilete!

Vi er godt inne i litteraturveka, der vi har eit spesielt fokus på gode leseopplevingar. Elevane får høgtlesing frå ulike bøker i 30 minutter kvar morgon, og vi har utvida tilbodet om stillelesingsbøker gjennom bokkassar frå Folkebiblioteket på Finnøy. I tillegg har elevane berre leselekser heile veka. 

Når elevane er ferdige med ei bok, skriv dei ei bokmelding på data, før dei låner ei ny bok. I bokmeldinga skriv dei inn kor mange sider boka var på, eit tal som vi nyttar til å summere opp kor mange bøker som vert lest totalt denne veka. På førehand hadde elevane fått beskjed om at dersom dei klarte å lesa over 5000 sider, så ville dei få ei overrasking.

Og "den magiske grensa" på 5000 sider vart nådd under trimtimen til 5.-7. klasse, der dei mellom anna fekk lov å sitte i gymsalen og lese bøker! Så no er det to ting som er spanande: 

1. Kva for ei overrasking får elevane?

2. Kor mange sider kan vi eigentleg klare å lese til saman, når vi veit at vi har passert 5000 sider, sjølv om det enno gjenstår ein dag av aksjonen?

Main Image
Bilete 1 av 13