Meny
Velg seksjon Framside
Fogn 4164 Fogn
Telefon: 51 71 46 80 Send e-post til oss
Redaktør: Hilde Folkvord Juul
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Imponerande presentasjonar i 5.-7. klasse!

Elevane i 5.-7. klasse har hatt om islam dei siste vekene. Avslutningsvis har dei laga presentasjonar om kva som kjenneteikner ein moske. Klikk "les mer" for å sjå bilete og få meir informasjon.

Under oppstarten av arbeidet var elevane sjølv med og laga kriterier for presentasjonen dei skulle ha. På denne måten veit elevane mykje meir kva dei skal gjere, og kva som kjenneteikner eit godt svar på oppgåva. Dei kan også lettare gi konstruktive tilbakemeldingar til kvarandre, ut over "det var ein bra presentasjon". Kriteria for oppgåva var:

- Dei måtte ha med minst fem kjenneteikn på ein moske (minst fire kjenneteikn i 5. klasse)

- Elevane skulle ikkje berre lese opp det som sto på presentasjonen, men også bruke eigne ord i tillegg til tekst og bilete på skjermen

- Presentasjonen skulle vere seriøs

- Presentasjonen skulle lagast i Google presentasjonar

- Vi skal vere klare til å presentere, måndag 13. november

Etter dette gjekk elevane i gong med arbeidet, og det er tydeleg at dei byrjer å bli kjente i Google-programvara som vi nyttar på skulen. Alle klarte nemleg å laga presentasjonen på eiga hand, utan hjelp av ein ferdig mal frå læraren, slik vi gjorde tidlegare i haust i KRLE-faget, då vi hadde om etiske førebilete. Sjølvsagt trengte dei nokre "tips og triks", men fleire byrjar også å utforske programmet på eiga hand, og finn ut av funksjonar og moglegheiter som berre dei færraste veit om.

Denne veka har elevane fått stå framføre klassen og visa presentasjonen sin. Eg vil anbefala dykk som er føresette til å få borna dykkar til å vise presentasjonen for dykk heime, dersom elevane ikkje alt har gjort det. Sjå serien med bilete under, for å sjå nokre glimt frå framføringane.

Main Image
Bilete 1 av 9