Meny
Velg seksjon Framside
Fogn 4164 Fogn
Telefon: 51 71 46 80 Send e-post til oss
Redaktør: Hilde Folkvord Juul
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Felleslunsj og bursdagsfeiring!

Torsdag før vinterferien inviterte 6.-7. klasse på felleslunsj for heile oppvekstsenteret i foajeen. Mellom anna eggerøre, kokt egg, kakao, påleggsfat, tomater og frukt sto på menyen, og alle såg ut til å kosa seg ein heil del! Planen var eigentleg å markera Helge sin 50-årsdag (på fredag, men då får han fri) under lunsjen, men då han vart forhindra frå å delta "heiv vi oss rundt", og hadde fest i 6. time i staden. Helge fekk eit kort der elevane og borna i barnehagen hadde kome med fine ord om Helge. I tillegg bidrog elevar i 5.-7. klasse med innøvte talar til jubilanten. Helge fekk også ei flott krone og vart sjølvsagt sungen for! På menyen sto ispinnar, noko 50-åringen ikkje såg ut til å vera for gammal til å eta.

Helge fekk også ei gåve frå personalet på oppvekstsenteret, så no kan han endeleg sleppa å køyra ut til pauserommet for å laga mikropop på kveldstid:)

Klikk "les mer" for å sjå fleire bilete, både frå lunsjen og bursdagsfeiringa!

 
Main Image
Bilete 1 av 13