Meny
Velg seksjon Framside
Fogn 4164 Fogn
Telefon: 51 71 46 80 Send e-post til oss
Redaktør: Hilde Folkvord Juul
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Festdag for dei yngste!

Barnehagen og elevane i 1.-4. klasse fekk ein heidundrande avslutning på veka, då det vart arrangert karneval på fredag 9. februar. Samlingsstund, leik i gymsalen, ballongar, discolys, pølser, is, pinata og godteri var blant det som sto på menyen, og borna såg ut til å kosa seg heilt maks! Fleire gonger kom dei eldre elevane frå  5.-7. klasse inn i gymsalen for å sjå på alt det kjekke som dei yngste fekk vere med på, og akkurat i dag skulle nok dei eldste vore nokre år yngre, for det var mange lengtande blikk å sjå...

I år har det vore tre "barnemøter" i forkant av karnevalet, der barnehageborna har kome med ulike ynskje både knytta til program og mat for dagen. Dei ser altså ut til å ha gjort ein god jobb i planleggingsarbeidet!

Klikk "les mer" for å sjå mange bilete frå festen!

 
Main Image
Bilete 1 av 34