Meny
Velg seksjon Framside
Fogn 4164 Fogn
Telefon: 51 71 46 80 Send e-post til oss
Redaktør: Hilde Folkvord Juul
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Naturfag 1. - 4. klasse

"Stoff som endrar seg" er temaet vi jobbar med i naturfagtimane for tida. Vi har lært at alt rundt oss er laga av stoff og at nokre stoff er reine, medan andre er stoffblandingar. Vi ville teste ut tre reine stoff i eit eksperiment. 

Når det blir høg nok temperatur, endrar dei fleste reine stoff og stoffblandingar seg. Vi ville teste ut sukker, salt og hornsalt. Elevane jobba i grupper og fekk utstyret dei trengde for å teste ut dei tre stoffa. Først varma vi opp salt. Det var ingen reaksjon eller endringar. Salt, eller natriumklorid, har eit smeltepunkt på 801 grader. Sukkeret smelta og endra farge (ein fysisk forandring). Sukkermolekylane blir brutt ned til andre stoffer (ein kjemisk reaksjon). Da vi varma opp hornsalt, vart det faste stoffet borte, og vi kjende ei stikkande lukt. Det var lukta av ammoniakkgass. Hornsaltet blir også til vanndamp og karbondioksidgass, altså ein kjemisk reaksjon. Vi har snakka om at i ein kjemisk reaksjon blir det danna eit eller fleire nye stoffer. 

Til slutt hadde vi eit eksperiment med eddik og natron. Vi helte eddik i ei flaske og natron i ein ballong. Då vi festa ballongen til flaska, dryssa natronet ned i flaska. Natronet reagerar med eddiksyra og det blir danna CO2 gass (ein kjemisk reaksjon). Gassmengda i flaska aukar, og ballongen blåses opp. 

 

Main Image
Bilete 1 av 6