Meny
Velg seksjon Framside
Fogn 4164 Fogn
Telefon: 51 71 46 80 Send e-post til oss
Redaktør: Hilde Folkvord Juul
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Ekskursjon til Osvalddammen

Fredag var 1.-4. klasse på tur for å studere smådyr i dammen. 
Sola kom fram og det var varmt og godt. Alt låg tilrette for ein fin ekskursjon. Elevane var veldig ivrige, dette var ein oppgåve som passa for alle aldersgruppene. Vi høyrde begeistra utrop kvar gong eit dyr var oppdaga og putta oppi ein boks. Nokre tok i dei med hendene, mens andre syntes det var litt skummelt. Vi fann store libellenymfer. Dei skal bli til augenstikkarar. Vi fekk også studert vaksne augenstikkarar som flaug ved dammen, både libeller og vannymfer. Dei legg egga sine i dammen. Så fann vi buksymjar, ryggsymjar, vasskalv, døgnfluenymfe, steinfluenymfe, vasskalvlarve m.m. Neste gong skal vi sjå nærare på nokre av dyra for å finne ut korleis dei lever. Vi skal studere beina, måten dei rørar seg på, fargar og korleis kroppen ser ut. Så skal vi finne ut korleis dei pustar under vatn og om dei er rovdyr eller planteetarar. 
Main Image
Bilete 1 av 16