Meny
Velg seksjon Framside
Fogn 4164 Fogn
Telefon: 51 71 46 80 Send e-post til oss
Redaktør: Hilde Folkvord Juul
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Smådyr i dammen

Utforskande arbeid i 1.-4. klasse.

Forrige fredag var vi på ekskursjon til Osvalddammen for å studere smådyr i dammen. I dag tok vi igjen turen for å lære meir. Før vi gjekk, snakka vi om augenstikkarar. Elevane vart delt inn i grupper og skulle svara på nokre påstandar om augenstikkarar. Dei skulle skrive om dei trudde påstandane var sanne eller usanne. Dette skulle dei gjere før vi las om augenstikkarar (førlesing). Etter at vi hadde lese om dei, kunne elevane endre svara sine. Vi lærte meir om omgrepa «fullstendig forvandling» og «ufullstendig forvandling». Så gjekk vi opp til dammen for å hente smådyr. Vi fann mange libellenymfer, nokre vasskalvar, rygg og buksymjarar, døgnfluenymfer, vassnymfe m.m. Vi tok med oss dyra tilbake til klasserommet. Gruppene valde ut to dyr dei ville studere nærare. 1. klassingane teikna dyra, medan dei andre brukte venn-diagram for å dokumentere eigenskapane til dyra, kva som var likt/ ulikt. 

 

Main Image
Bilete 1 av 25