Meny
Velg seksjon Framside
Fogn 4164 Fogn
Telefon: 51 71 46 80 Send e-post til oss
Redaktør: Hilde Folkvord Juul
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Tid for brukarundersøkingar

På Fogn oppvekstsenter er det nå tid for å gjennomføre brukarundersøkingar.

Dette gjeld elevundersøkinga som vi gjennomfører i 5.-7.klasse, foreldreundersøkinga for foreldre til barn på alle trinn i skulen og foreldreundersøkinga for barnehageforeldre.

Foreldreundersøkinga gir barnehagen og skulen nyttig informasjon om korleis du opplever barnehage- og skulekvardagen til barna dine. Resultata skal hjelpe oss til å sjå kva tiltak vi må setje i verk på område vi må forbetre.

Svara frå brukarundersøkingane vil vere ein viktig del av skulen og barnehagen sine samla resultat og skal også brukast i rapporteringar samt kvalitetsmeldinga som blir lagt fram både på lokalt nivå (FAU/SU/SMU) og på politisk nivå. Resultata vil også vere viktig når vi skal bestemme nye satsingsområde.   

Det tar ca. 5-10 min å svare på undersøkinga. Alle foreldra får tilsendt e-post med informasjon om innlogging og passord. Du vil få 1 stk passord pr barn du har på oppvekstsenteret og du må svare på undersøkinga for kvart barn. Svara er anonyme og blir behandla konfidensielt.

Elevundersøkinga gir elevane høve til å seie kva dei meiner om læring og trivsel på skulen. Resultat frå denne undersøkinga gir oss viktig informasjon om korleis elevane har det på skulen. Elevundersøkinga er obligatorisk for elevane på 7.trinn, men vi har valt å gjennomføre undersøkinga på 5.-7.trinn.

Alle undersøkingane skal gjennomførast innan utgangen av desember og svarfrist er 17. desember.