Desember er ein travel, men kjekk månad på oppvekstsenteret. Her kjem ein oversikt over kva som skjer i barnehage og skule nå før jul.
Vi har adventssamlingar kvar måndag morgon.
5.-6. desember er det
juleverkstad på skulen. Elevane blir delt inn i grupper på tvers av klassane
og dei skal lage mykje fint. Vi er så heldige at vi har fått hjelp av nokre foreldre og
besteforeldre både på sjølve verkstaden, men også til å lage ulike kakedeigar
og å koke grøt. Vi startar med ei felles økt før elevane blir delt inn i
grupper og tar fatt på juleverkstad- aktivitetane.
Tysdag 10. desember reiser
alle elevane til Sjernarøy oppvekstsenter. Vi møtes på skulen til vanleg tid og går samla ned til kaien. Dei som vil møte rett på kaien, må gi beskjed til kontaktlæraren om dette. Vi reiser med ungdomsskoleskyssen frå Fogn kl. 08.30 og blir henta med eigen båt (Rødne) på Judaberg. Denne skyssar oss til
skulekaien på Sjernarøy.
På Sjernarøy blir det først ulike aktivitetar ilag med
elevane frå dei andre øyane, før ein konsert med den kulturelle skulesekken.
Kl.
12:00 skal vi delta på den store opninga av ny fotballbane på Sjernarøy
oppvekstsenter. Både politikarar og presse kjem til å vere tilstades. Etter
opninga blir det ulike fotballaktivitetar på den nye banen. Elevane
får pølser (sponsa av bondelaget) og kake (sponsa av Rødne).
Vi
blir skyssa med eigen båt tilbake til Judaberg kl.14:00 og tar skulebåten
heim, dvs. at vi er på Fogn kl. 14:55.
Viktig å hugse at elevane har ein lengre
skuledag denne dagen. Elevane kan hentast på kaien, eller følgje skulebussen
heim (frå kaien).
Elevane
må ha med eiga drikke (ikkje brus) og gjerne ein nistepakke i sekken. Vi kjem
til å vere ute delar av dagen, så det er lurt å ha på varme klede eller regnklede,
alt etter været.
Torsdag
12. desember kl. 07:30 – 10:00 er det julefrukost i barnehagen.
Tysdag
17. desember er det julevandring for barnehagen i Fogn kyrkje kl. 10:00. Her får
barna kle seg ut som gjetarar, englar, Maria og Josef m.m. og så delta i ei vandring
i juleforteljinga. Barnehagen går til og frå kyrkja, og barna må derfor leverast
i barnehagen før kl. 09:00.
Kl. 11:30 same dag er det
julegudsteneste for skulen. Alle elevar har fått informasjon med heim om dette. Elevane
går til og frå kyrkja og vi rekk å vere tilbake til skuleslutt. Foreldre
er hjarteleg velkomne til å delta på desse arrangementa.
Torsdag
19. desember kl. 18:00 er det julefest på oppvekstsenteret. Barnehagen
og elevane har programmet på festen. I tillegg blir det innskriving av dei
barna som skal begynne på skulen neste år. Vi skal også ha ein matpause undervegs og vi
skal gå rundt juletreet. Alle heimane tar med mat (eit fat med kaffimat/småkaker) som vi set på eit langbord
og som alle kan forsyna seg av. Vi ordnar med kaffi og drikke.
Elevane avspaserer fredag 20. desember og dermed blir torsdag 19. desember den siste skuledagen før juleferien.
1. skuledag etter jul er måndag 6. januar.