Meny
Velg seksjon Framside
Fogn 4164 Fogn
Telefon: 51 71 46 80 Send e-post til oss
Redaktør: Hilde Folkvord Juul
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Søknadsfrist for plass i SFO er 15. april

Skolefritidsordninga (SFO) er eit tilbod til elevar etter at vanleg skoledag er slutt.

SFO-tilbodet gjeld for alle elevar på 1.-4. trinn. Frå og med skoleåret 2020-2021 vil SFO vere gratis for elevar på 1. trinn. Du må likevel melde på eleven gjennom det ordinære skjemaet. 

Her finn du informasjon om pris for plass i SFO og her kan du søkje om plass eller seie opp plassen: https://www.stavanger.kommune.no/barnehage-og-skole/sfo---skolefritidsordningen/ 

Pris for plass i SFO

Du betaler for SFO 11 månader i året.

100 % plass kostar 3011 kroner per månad. 60 % plass kostar 2072 kroner per månad. Dersom du har du fleire barn i SFO går prisen ned med 25 prosent dersom barna bur i same husstand. Matpengar kjem i tillegg.

Frå og med skuleåret 2020-2021 er SFO gratis for elevar på 1. trinn. Påmelding skal gjerast gjennom det ordinære skjemaet (link under).

Søknadsfrist for nytt SFO-år er 15. april.

Elevar som alt har plass i SFO, treng ikkje søkje på ny. Dersom du ikkje ønsker å behalde plassen i SFO til neste år må du seie opp plassen. Oppseiingstida to månader rekna frå den 1. i påfølgande månad. Du kan også endre opphaldstida i SFO

Familiar med mange barn og/eller låg inntekt kan søkje om lågare pris eller friplass. 

Søk plass i SFO her: https://www.stavanger.kommune.no/siteassets/samfunnsutvikling/planer/temaplaner/skole-og-sfo-planer/informasjon-om-skolefritidsordning.pdf