Meny
Velg seksjon Framside
Fogn 4164 Fogn
Telefon: 51 71 46 80 Send e-post til oss
Redaktør: Hilde Folkvord Juul
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Informasjon om elevane si læringsplattform

Skuleelevane i Stavanger bruker læringsplattforma G Suite for Education

Torsdag 28. mai hadde Stavanger Aftenblad eit oppslag om den Google-baserte læringsplattforma som vi bruker i Stavangerskulen. Datatilsynet meiner det er problematisk at kontaktinformasjonen er tilgjengeleg for elevane i kommunen. I dette høve ønsker vi å forklare korleis læringsplattforma fungerer, og kva som skal gjerast etter Datatilsynet sitt utspel.

Alle elevene våre bruker læringsplattforma G Suite for Education. Dette er ei vel utprøvd og robust løysing som i dag blir brukt av meir enn halvparten av skuleelevabe i landet. V

i opplever at læringsplattforma har sørga for at Stavangerskolen har fått eit betydelig digitalt løft. Elevane har sine eigne kontoar i G Suite og må bruke sine unike brukernamn og passord for å få tilgang. Når elevane er logga inn, kan dei kontakte lærarane og andre elevar via e-post, chat eller videosamtale. Det kan dei gjere ved å søke opp namnet på den personen dei ønsker å kommunisere med i kontaktlistene (unntak er elevar med hemmelag adresse) - ikke ulikt måten mange vaksne bruker verktøyet Outlook på jobb.

Ein av fordelane med å bruke kontaktlistene på denne måten, er at det reduserer sjansane for at e-post blir sendt til feil mottakar, som naturlegvis er ein risiko i seg sjølv. Det blei gjort grundige vurderingar i forhold til tryggleik i før innføringa av læringsplattforma G Suite for Education. Dette gjorde vi i saman med kommunen sine ressurspersonar innan IT, jus og personvern. Eit av krava til læringsplattfforma var at færrast mogleg personopplysningar skulle vere tilgengelege. Utgangspunktet var Datatilsynet sine eigne krav og definisjonar: Tilgangen til fornavn, etternavn og e-postadresse regnes ikke som personsensitivt innhold. Dette har ikkje endra seg sidan då. Til sammanlikning er klasselister offentlege og der kan ein strengt tatt finne mier informasjon enn det som er tilgjengeleg i læringsplattforma.

Stavanger kommune vu gjere nye juridiskte vurderingar av løysinga i lys av Datatilsynet sine utspel,  samt gå gjennom alle sider ved løysinga på nytt.

Inntil vidare har kommunen derfor slått av tilgangen til kontaktlistene. Dette vil avgrense funksjonaliteten, men vi meiner dette er det mest ryddige å gjere fram til saka er gjennomått.

Det aller viktigaste for oss er at barna i Stavangerskolen alltid er trygge – også digitalt.

Hilsen Hilde Folkvord Juul

Rektor