Meny
Velg seksjon Framside
Sandvikevegen 16, Postboks 23 5782 Kinsarvik
Telefon: 53 67 15 90 Faks: 53 67 15 91 Send e-post til oss
Redaktør: Dagny Opedal
Om skulen

Velkomen til Kinsarvik skule skuleåret 2019-20  

Kinsarvik skule ligg midt i Kinsarvik som er kommunesenteret i Ullensvang. Den ligg fritt til med gode uteområder kring skulen. Skulen er ein kombinert barne- og ungdomsskule med elevar frå 1. til 10.klasse. Det vart den i 2003 då tidlegare Ystanes skule vart nedlagt, og barneskulen flytta til Kinsarvik.

Skulen fekk eit nytt tilbygg der barneskulen held til i dag. Før det var skulen ein rein ungdomskule for austsida av Ullensvang. Ved skulestart er det 170 elevar ved skulen. På barnesteget er det 94 elevar, og på ungdomssteget 76 elevar. Elevane ved skulen kjem frå 18 ulike land, så me har stort mangfald hos oss. Det er mange elevar som har norsk som andrespråk.  

Skulen har i haust 38 tilsette. Av desse er 25 lærarar og 10 fagarbeidarar/assistentar. Det er og vaktmeister, reinhaldarar og kontorfullmektig ved skulen.  

På Kinsarvik skule har me symjebasseng. Her vert det gjeve symjeopplæring for skulane på austsida av Ullensvang. Det er og folkebading og anna treningsaktivitet i bassenget.  

SFO ved skulen vert nytta av mange elevar. Det er 32 born som nyttar heile eller deler av tilbodet. SFO ved skulen er og open i haust- og vinterferie samt fire veker om sommaren.  Det vert gitt tilbod om leksehjelp til elevane i 3.-7.klasse.Tilbodet er på 2 klokketimar i veka fordelt på måndag, tysdag og torsdag.