Meny
Velg seksjon Framside
Sandvikevegen 16, Postboks 23 5782 Kinsarvik
Telefon: 53 67 15 90 Faks: 53 67 15 91 Send e-post til oss
Redaktør: Dagny Opedal
Norsk som andrespråk for minoritetsspråklege elevar

Ved Kinsarvik skule underviser me i norsk som andrespråk for språklege minoritetar i tre innføringsgrupper, 1.-4. klasse, 5.-7. klasse og 8.-10. klasse.

Ved Kinsarvik skule har me delt norskopplæringa for minoritetsspråklege elevar inn i tre innføringsgrupper, 1.-4. klasse, 5.-7. klasse og 8.-10. klasse. Elevane får opplæring i norsk som andrespråk etter læreplanen i Grunnleggjande norsk for språklege minoritetar.

I andrespråksopplæringa er det viktig at elevane både får systematisk norskopplæring og får vera mykje saman med majoritetsspråklege elevar. Slik får elevane læra språket på ein god måte, både den systematiske opplæringa i innføringsgruppa og det autentiske saman med medelevar. Det siste vert kalla språkbading og hjelper elevane til å læra språket betre.

Ved skulen vår følgjer elevane opplæringa i praktiske og estetiske fag med klassen, og følgjer andrespråksopplæringa i eigne grupper medan klassen har teoretiske fag. Opplæringslova § 2-8. Særskild språkopplæring for elevar frå språklege minoritetar, opnar opp for ein slik praksis, men etter to år i innføringsgruppe må eleven fylgja den same fag- og timefordelinga som dei andre elevane. Andrespråksopplæringa kan likevel halda fram i eiga gruppe innafor dei timane klassen har norsk på planen.

Det vert gjort enkeltvedtak om opplæring i norsk som andrespråk kvart år eleven er i tilbodet. Undervegs i opplæringa vert eleven kartlagt etter UDIR sin Språkkompetanse i grunnleggjande norsk. Når eleven meistrar nivå 3 i følgje kartleggingsmateriellet, kan han eller ho gå over til ordinær norskopplæring. Det er likevel viktig å ha i minne at eleven har norsk som andrespråk og ikkje som morsmål, noko som vil seia at eleven kan trenga ekstra hjelp i språket i ulike fag i fleire år framover. Særleg ordlæring og ordforståing kan vera ei utfordring. Det kan og vera ei utfordring å kjenna språket i dei ulike faga. Noko som ikkje berre minoritetsspråklege elevar kan ha vanskar med, men òg dei majoritetsspråklege. Det er difor viktig å jobba med å læra språket i faget, både fagorda og dei førfaglege orda. 

Når eleven avsluttar opplæringa i innføringsgruppa, skriv me eit nytt enkeltvedtak for å visa at eleven har avslutta opplæringa i innføringsgruppe. 

Ullensvang herad har utarbeidd ein plan for Tidleg innsats for minoritetsspråklege elevar.