Meny
Velg seksjon Framside
Sandvikevegen 16, Postboks 23 5782 Kinsarvik
Telefon: 53 67 15 90 Faks: 53 67 15 91 Send e-post til oss
Redaktør: Dagny Opedal
Sosialpedagogisk plan

Kinsarvik skule har revidert den sosialpedagogiske planen sin. 

Kinsarvik skule har revidert den sosialpedagogiske planen sin. Planen skal vera med å sikra elevane ved Kinsarvik skule ein trygg og god skulekvardag. For å få det til er me avhengige av at alle rundt skulen bidreg og dreg i same retning. Det gjeld sjølvsagt dei tilsette, men foreldre / føresette og elevane er like viktige i dette arbeidet.

Planen skal brukast aktivt i det daglege arbeidet på skulen. Me ynskjer at foreldre / føresette og elevar blir godt kjende med planen. Ein viktig del av planen er dei sosiale kompetansemåla me jobbar for å nå i det daglege arbeidet på skulen. De finn desse måla i det som heiter: Sosialpedagogisk handlingsplan i planen vår. Desse måla skal synleggjerast på elevane sin veke / periodeplan gjennom året. Me oppmodar heimane om å følga opp arbeidet med desse måla på heimebane ved å prata med elevane sine rundt desse måla. 

Den sosialpedagogiske planen til Kinsarvik skule finn de via link til høgre på sida her.

Kinsarvik skule, 13.02.2019