Meny
Velg seksjon Framside
Sandvikevegen 16, Postboks 23 5782 Kinsarvik
Telefon: 53 67 15 90 Faks: 53 67 15 91 Send e-post til oss
Redaktør: Dagny Opedal
Eksamensrettleiing og annan informasjon om skriftleg eksamen

Elevane på 10. trinn fekk 14.05 vita kva fag dei kom opp i til skriftleg eksamen. Hjå oss skal elevane opp i engelsk. Under finn de litt informasjon som skal vera tilgjengeleg for elevar og føresette. 

Eksamen i skriftleg engelsk: 24.05.2019

Eksamensrettleiing skriftleg engelsk 2019

Annan informasjon om eksamen frå UDIR

 

Ved klage på karakter etter skriftleg eksamen: 

  • Ta kontakt med skulen innan ti dagar.
  • Klagen må vera skriftleg, og det må koma klart fram kva fag klagen gjeld. (gjerne fagkode)
  • Det er ikke krav om grunngjeving for klagen.
  • Ei klagenemnd oppnevnt av Fylkesmannen vurderer om karakteren er rimeleg eller urimeleg i forhold til eksamensprestasjonen.Resultatet av klagen vert sendt til skulen.

Til informasjon om klage på karakter etter skriftleg eksamen

 

Vedkomande klage i høve munnleg eksamen

  • Ta kontakt med skulen innan ti dagar. 
  • Du kan berre klaga på formelle feil som kan ha hatt betydning for resultatet.
  • Klagen må vera skriftleg, og bør innehalda årsaken til kvifor du klagar.
  • Rektor hentar inn uttalingar frå sensor og eksaminator og sender desse saman med eigne uttalingar til klagenemnd.
  • Kopi av sakspapira vert sendt til  foreldre.
  • Dersom klagar får medhald i klagen, skal karakteren annullerast.

 

Ved klage på standpunktkarakter

  • Ta kontakt med skulen innan ti dagar
  • Klagen må vera skriftleg og underteiknas klagaren eller ein med fullmakt
  • Klagar har rett til å be om grunngjeving før eventuell klage vert sett fram.
  • Sjå link for meir informasjon: Klage på standpunktkarakter