Vinjar og Nesflaten skule søkjer om midlar til utvikling av skulebiblioteket
Publisert: 20.03.2010 skrive av: Eva
Dei fekk dessverre avslag denne gangen også. Synd, men det er mange om beinet. Om ein ikkje får innvilga prosjekt, er det likevel viktig å halde fokus på biblioteket si rolle i leseopplæringa.
Kurs for lærarane i 1.-4. klasse
Publisert: 20.03.2010 skrive av: Eva
6. april (planleggingsdagen) kjem Nina Gabrielsen frå UiS Lesesenteret til Suldal og har kurs for alle lærarane i 1.-4. klasse i kommunen.
Detaljane i programmet er ikkje heilt klart enno, men kurset blir på kulturhuset.
Oppfølging av framgang i 2009
Publisert: 21.02.2010 skrive av: Tarja Tikkanen
Evalueringen av arbeidet i Les for livet -prosjektet så langt viser gode resultat. Medvit om kor viktig det er med språk- og leseopplæring (SLO) har auka. Måtar ein jobbar med SLO er nå i endring og nye arbeidsmetodar og analyseverktøy er tatt i bruk. Kjennskap til kvarandre sitt arbeid på tvers av barnehage og skule har blitt betre. Det kan finnast noko forskjell mellom barnehagane og skulane, samt barnehagane og skulane seg imellom.
Her kan du lese meir om projektoppfølging og resultat.
Kursdag for skulane - lesing av fagtekstar
Publisert: 29.10.2009 skrive av: Eva
13. august hadde alle skulane i Suldal kursdag om lesing av fagtekstar på alle trinn med Ann Elisabeth Gunnulfsen frå Modum kommune.
Lesing er ein grunnleggjande dugleik i kunnskapsløftet, og alle lærarar er leselærarar. Tema handla om lesing og lesestrategiar for fagtekstar i alle fag, bevisstgjering av fagtekst som verkty for forståing, dybdelesing og vudering.
Ann Elisabeth Gunnulfsen er adjunkt og arbeider som pedagogisk rettleiar i Modum kommune. Ho har 15 års undervisningserfaring frå ungdomstrinnet og barnetrinnet i Modum kommune, har vore prosjektleiar for innføring av Kunnskapsløftet i Midtfylket Buskerud og arbeidd som prosesskoordinator for læringsstilbasert læring i skulane i Modum. Gunnulfsen er prosjektleiar for prosjektet "Framtida nå - les og forstå" - for tre skular i Modum kommune (i Utdanningsdirektoratet sitt utviklingsprogram "Kunnskapsløftet - fra ord til handling"). Hovedmål i prosjektet er å utvikle praksis som bidrar til å auke elevane sin kompetanse i lesing av fagtekstar.
Om du ønskjer å få tilgang til PowerPoint filene frå foredraget, så ta kontakt med Eva. Filene er litt for store til å leggjast her.
Artikkelstafett
Publisert: 29.10.2009 skrive av: Eva
Alle prosjekt som er med i "Kunnskapsløftet frå ord til handling" blir utfordra til å vere med i ein artikkelstafett. Me har fått frist til 1. februar 2010 med vår artikkel, og arbeidet med denne startar allereie no.
Det er mykje erfaring å hente frå andre prosjekt,
sjå prosjektkatalogen http://skolenettet.no/moduler/templates/Module_Overview.aspx?id=59792&epslanguage=NO,
og andre artiklar i stafetten (sjå i venstre meny) http://skolenettet.no/moduler/templates/Module_Overview.aspx?id=43109&epslanguage=NO
Sjå fleire artiklar >>