Meny
Velg seksjon Framside
Øygarden 21 4235 Hebnes
Telefon: 45611928 Send e-post til oss
Redaktør: Tanja Bergby
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<april 2024><<
april 2024
mtotfls
25262728293031
01020304050607
08091011121314
15161718192021
22232425262728
29300102030405
Velkommen tilbake 1.-4.klasse

Gjennopning av skulen

Informasjon til føresette -gjennopning Marvik skule 27.04.2020    

Marvik skule opnar no gradvis, og for å avgrense smitte har vi sett i gong fleire tiltak. I perioden framover er me ekstra nøye med å trygge godt smittevern. Dette avheng av at me alle gjer ein innsats og følgjer dei nye råda for smittevern. På skulen vil me vere spesielt opptekne av å:

• vaske hender og læra elevane gode rutinar for handvask • ha godt reinhald

• vaske utstyr jamnleg, til dømes læringsbrett

• vere ekstra mykje ute med elevane, også i vanlege skuletimar og SFO

• ha undervising og samlingar i mindre grupper

• halde god avstand til kvarandre  

Me skal framleis sørgje for at elevane har eit trygt og godt skulemiljø. Alle som jobbar på skulen, skal følgje med på at elevane har det bra.

 

VEKE 18  

Skulen startar kl. 08.20 og sluttar kl. 14.00 måndag, tysdag og torsdag. Onsdag sluttar skulen kl.12.20 og fredag kl.13.30.

Skuleskyss går som vanleg. Viss elevane tek skulebuss må de hugse å halde god avstand, både mens de ventar på bussen og i bussen.

Me ta imot borna ute og ønskjer at foreldre ikkje blir med inn på skulen eller i garderoben.

Handvask er like viktig heime som på skulen. Vask hendene før de kjem på skulen, og med ein gang de kjem heim.  Borna bør helst vere saman med få andre born på fritida og då gjerne leike ute. ·        

Det er ikkje lov å ha med leiker eller bamse heimefrå (ikkje dei som henga på sekken heller)   ·        

1.-4.kl skal gå i lag i ein fast gruppe (kohort)-basisfag blir delt som før-alle får kvar sin pult med god avstand ·        

Det er lagt ein ny timeplan i veke 18 som blir utdelt av lærer på måndag.

Kroppsøving er ute, dusjing blir utsatt til elevane har komt heim   ·        

Måltider: Det blir ikkje lagt mat på skulen. Alle må ha med niste og drikkeflaske. ·        

Det er skulemjølk frå og med måndag 27.04. for dei som har bestilt. ·        

SFO opnar når skuledagen er slutt og er open til kl.15.30. Borna skal vera mest mogleg ute og skal bli henta ute på skuleplassen.  

Ikkje møt på skulen eller SFO viss barnet ditt har symptom på sjukdom, dette gjeld også milde symptom. Det er ekstra viktig at borna held seg heime i minst eitt døgn etter at dei har blitt symptomfrie. Viss nokon andre heime har luftvegssymptom eller fått påvist koronaviruset, skal de ikkje følgje borna til skolen. Viss borna blir dårlege på skulen, tek me kontakt med foreldra. Borna må hentast eller gå heim frå skulen så fort som mogleg.  

Me gleder oss til å sjå alle born igjen! Beste helsing  Anne