Meny
Velg seksjon Framside
Øygarden 21 4235 Hebnes
Telefon: 45611928 Send e-post til oss
Redaktør: Tanja Bergby
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<mars 2024><<
mars 2024
mtotfls
26272829010203
04050607080910
11121314151617
18192021222324
25262728293031
01020304050607
God jul frå rektor.

Rektor ønskjer alle elevar, føresette og tilsette ei god jul. Les brevet her: 

Kjære elevar, føresette og tilsette ved Marvik skule. 

No er det snart juleferie, og eg håpar de alle får senka skuldrene. Me skulle jo så veldig gjerne møttes til den tradisjonelle juleavslutninga her på skulen, det gir oss noko ekstra når me alle er i lag. Diverre vart det ikkje slik i år heller. Pandemien lærer oss å godta at ikkje alt blir slik me har planlagt, og utfordrer oss på å setta ny retning og nye mål. Det har resultert i høg filmaktivitet her på huset dei siste vekene.

Det har vært eit rikt halvår på Marvik skule. I august ønska me velkommen 3 nye unike 1. klassingar til elevflokken på totalt 20. Dei er no godt i gang med læring og undring. Dei er engasjerte og tilfører oss alle mykje glede.

I haust hadde me ein flott tur til Bergsnuten. For meg blei det eit godt bilde på kva me kan få til på ein liten og fådelt skule som Marvik. Dei eldste får rettleia dei mindre, og dei minste ser opp til og strekk seg etter dei som er større. Aldersblanding har klare fortrinn når det gjeld å fremja sosial samhandling. På turen til Bergsnuten var det stadig ei hand som trakk med seg ei anna hand når stigninga var bratt og beina var trøtte. Det var utruleg å sjå korleis elevane motiverte og passa på kvarandre.

I haust fekk også elevane engasjera seg og læra om demokrati og medborgarskap under storylineveka: Barn, ikkje brud. Dette var ei annleis veke, der alle elevane jobba på tvers av alder. Igjen fekk dei eldste rettleia dei mindre, og dei minste får strekka seg etter ein som er større. Å rettleia ein som er mindre kan også vera med å styrka sjølvkjensla, og gi ein stødig ro om at ein kan vera med å bidra og å læra bort. Det er fint å sjå. Lærarane gav også mykje av seg sjølv denne veka. Eg opplevde at dei var både mentalt og emosjonelt engasjerte. På slutten av denne veka fekk me heldigvis samlast i lag med heimane til aksjonskveld. Det gjer utruleg godt å møta dykk føresette, eg er takknemleg for vårt samarbeid. Ikkje minst fekk me samla inn ein dualeg sum til innsamlingsaksjonen. Det gjer godt å vera med å bidra. 

I haust har me også jobba med elevmedverknad. Elevrådet har ein postkasse (lakkert i gull) der elevane kan posta gode idear og ønsker i. Elevrådet jobbar vidare med desse innspela, og det har resultert i ein del søknadar til rektor. Som i livet generelt går nokon søknadar gjennom, medan andre treng meir og betre argumentasjon. Det er eit mål for oss at elevane skal få oppleva at dei kan vera med å påverka, og gjera ei endring i skulen og seinare samfunnet generelt. Me ønskjer at dei skal oppleva at dei har ein stemme, og at denne stemma kan bety noko. Med det håpar me å inspirera til godt samfunnsengasjement. Dette har blant anna resultert i høg byggeaktivitet på uteområdet. 3 flotte hytter har reist seg denne hausten, fleire med både gardiner og julepynt. Jubelen stod i taket når taket var tett før snøen kom, og elevane planlegger malearbeid til våren. 

Elevstemmen er altså viktig. I skulemijøutvalet/samarbeidsutvalet sit to av våre engasjerte elevar som har som oppgåve å gi skulen gode råd til korleis å driva ein god skule. Dette er kanskje ei litt utfordrande oppgåve, men elevane klarer det så fint. På sist møte ga dei oss med tydeleg og klar stemme beskjed om at dei lærer best når dei lærer i lag, heile skulen. 7. klassingen ga beskjed om at den ønska meir læring med 1. klassingen. Er ikkje det flott? Det gir skulen ein klar oppfordring til å undervisa endå meir aldersblanda, skapa endå meir engasjement og lærelyst på tvers av alder. 

No i førjulstida har det osa av jul hos oss. Morgonane har starta med ei julehistorie og levande lys. Elevane har deltatt på juleverkstad og nisseløype. Det går også rykter om at det har vært ein rampenisse innom skulen, det har nemleg skjedd litt mystiske ting her i det siste. På tysdag (siste skuledag) skal elevane møta på julegudsteneste om morgonen, før det blir film og julekos på skulen. Me avslutter alle dagen i lag med å gå rundt juletreet. 

Til sist ønskjer eg å retta nokon ord til kvar av dykk: 

Til føresette. Takk for alt engasjement, og for at de støttar opp om elevane si læringsreise som skjer både i skulen og heime. Eg er utruleg stolt over foreldregruppa vår. De gir oss gode råd, og samarbeider godt med oss når me treng å "knekka nøtter". 
Til elevane. De er stjernene våre. Det er så fint å sjå korleis de utviklar dykk, og tar vare på kvarandre. De stiller gode spørsmål, og gir skulen gode råd om korleis me kan vera ein god skule for de alle. Ikkje minst er de gode på å gi kvarandre og oss som jobbar på skulen gode tilbakemeldingar. 
Til tilsette. Takk for innsatsen de har gjort dette året. De møter meg, kvarandre og elevane våre med stor glede og tryggleik. Eg veit at de alle gir det lille ekstra i jobben dykkar. De har alle med både hjarta og hovud i jobben, de er kunnskapsrike og tar kloke didaktiske val. 


Eg håpar at de alle får ei god juletid i lag med nære og kjære, og at alle held seg friske. Eg ser fram mot eit nytt år saman med dykk alle. 


Gladeleg jul, helsing frå rektor Elisabeth. 

 

 

Bilde: Unsplash.com