Meny
Velg seksjon Framside
Øygarden 21 4235 Hebnes
Telefon: 45611928 Send e-post til oss
Redaktør: Tanja Bergby
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<april 2024><<
april 2024
mtotfls
25262728293031
01020304050607
08091011121314
15161718192021
22232425262728
29300102030405
Tverrfagleg tema og skuletur til Vanvik

For tida jobbar elevar og lærarar med eit tverrfagleg tema om Rasmus Løland. Rasmus Løland representerer fleire spennande undertema som me drar med oss inn i undervisninga desse vekene, blant anna lokal historie, fantasi og historieforteljing, "gamle dagar" og refleksjonar rundt "då og no", og rosemåling. Skulen samarbeider med Ryfylkemuseet om temaet, og har blant anna fått låne ei svær rosemåla kiste frå museet. Kvar måndag ligg det ein ny ting i kista, som elevane brukar og undrar seg over i undervisninga i veka som kjem. 5.-7. trinn har også hatt ei innføring i rosemåling og lokale teknikkar i samarbeid med museet.
I samband med dette spennande temaet skal skulen på skuletur til Vanvik for å blant anna besøka Rosebua og Løland gard. Meir informasjon om det her. 

Torsdag 19. mai reiser heile skulen til Vanvik. Der skal me først besøka Vanvik oppvekstsenter og treffa elevane som går der. Etter det skal me få ein guida tur i Rosebua, og høyra historien om Løland gard. 
Me reiser kl. 08.30 frå Marvik skule, og er tilbake litt før kl. 14.00. 
Elevane kler seg etter været denne dagen, og pakker med ein lett sekk med: 
- Vassflaske
- Niste (det er lov å ha noko bittelitt ekstra godt i matpakken denne dagen)

Minner om at elevane ikkje får ha mobilar på turen. 

Me gledar oss til å reisa på tur i lag!!