Meny
Velg seksjon Framside
Øygarden 21 4235 Hebnes
Telefon: 45611928 Send e-post til oss
Redaktør: Tanja Bergby
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<april 2024><<
april 2024
mtotfls
25262728293031
01020304050607
08091011121314
15161718192021
22232425262728
29300102030405
Konflikt og konflikthandtering

Me på mellomtrinnet jobbar med temaet konflikt og konflikthandtering. I dag fekk elevane ei utfordring.

Det er viktig å reflektera rundt hendingar som skjer. Til dømes konfliktar. Kvifor oppstår konfliktar og korleis kan den enkelte og samfunnet handtera det? Me har snakka om alt frå individkonflikt til konflikt mellom land, men det viktigaste for oss har vore korleis ein kan handtera ei konflikt. Me har fokusert mest på konflikt mellom land den siste veka, då dette dessverre er brennaktuelt.

I dag fekk elevane ei utfordring av meg. Dei blei presenterte for eit scenario der det oppdikta landet Svavaso lenge har hatt mange problem. Etter ei folkeavstemming har innbyggjarane bestemt at landet skal delast i to. Dei nye landa heiter Svava og Vaso. Styresmaktene i dei to landa er ueinige om korleis ressursene skal fordelast. Elevane blei delte inn i 3 grupper; Svava, Vaso og FN. Medan landa måtte diskutera i rom skilde frå kvarandre, hadde FN som oppgåve å mekle mellom landa. Elevane har reflektert og diskutert oljeressurser, beitemarker, kystlinje og religion. Etter heftige diskusjonar og forhandling på høgt nivå, vart landa til slutt einige.

Som lærar blei eg rett og slett emosjonell av kor flinke elevane er og kor mykje gode argument og løysingar dei kom med. Det er rett og slett ein fryd å få vera lærar for ein slik flink og fin gjeng!