Meny
Velg seksjon Framside
Øygarden 21 4235 Hebnes
Telefon: 45611928 Send e-post til oss
Redaktør: Tanja Bergby
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<mars 2024><<
mars 2024
mtotfls
26272829010203
04050607080910
11121314151617
18192021222324
25262728293031
01020304050607
God sommar frå rektor.

Rektor ønskjer alle elevar, føresette og tilsette ein god sommar. Les heile brevet her.

På skulen ryddar me for tida skuleåret ut av klasserom, spesialrom og gongar. Skulebygget blir tommare og tommare, like tomt som det var då eg starta som rektor 1. august i fjord. Dei første dagane som rektor var stusselege, eg var heilt åleine på skulen og lurte meg til å gløtta inn i rom og krokar for å gjera meg litt kjent. Det var stille før stormen, den 16. august braka det laust. Bygget vart fylt av elevar og tilsette, og med det kom eit skuleår som eg vil oppsummera slik:

Skuleåret 21/22 har vært eit kreativt og utfaldande år. Det har vært mykje energi, kvar dag! Lærarane har på ein god pedagogisk måte lagt til rette for at elevane har fått utfalda seg, vore kreative og kome med idear som har blitt lytta til. Elevane sine innspel har fått rom og plass, noko som har resultert i elevprosjekt, forsking og utprøving.

Elevane har vist ein enorm omsorg for kvarandre på tvers av interesser, alder og grupper. Eg er sikker på at våre elevar får med seg ein unik sosial kompetanse vidare i livet. Det har også vært fint å sjå at elevane tør å ta sin plass og å stå for sine eigne behov. Det er viktig! Hald fram med det.

Fleire av elevane har i løpet av skuleåret tatt ansvar og initiativ til ulike rollar og verv som elevråd, TL og liknande. Desse har blitt utruleg godt utført, og eg som rektor ønskjer å takka alle som har tatt eit ekstra ansvar i år. De har vært viktige for heile skulen.

Lærarane har vist ein sensitivitet for elevane sine behov, og dei har gjort ein utruleg jobb både for elevane sitt faglege og sosiale liv på skulen. Marvik skule husar lærarar som utan tvil har hjarta med seg i arbeidet sitt, dei er modige og tør å sleppa litt kontroll i skulekvardagen, noko eg på mange måtar meiner er ein superkraft som lærar.

Den faglege kvaliteten på Marvik skule er høg. Me er heldige og har godt kvalifiserte lærarar. I løpet av året har me også hatt faglærar i musikk som har vidareutdanna seg vidare. Lærarane har også vist god deltaking i faglege nettverk med resten av Suldalskulen. Takk for at de brukar den kunnskapen og kompetansen de har, og for at de søker ny kunnskap i arbeidet dykkar.

Det har vært eit spennande FAU å samarbeida med i år. I dag sluttar me av med ein sommaravslutning etter initiativ frå FAU, som tykkjer det viktig å få ta skikkeleg farvel med både elevar og evt. skulepersonell som sluttar. Skulen er heldige som har eit FAU som set slike inkluderingstiltak på agendaen. Takk for eit godt samarbeid, de har vært gode på alle måtar!


Neste år:
Som de veit søkjer Marvik skule for tida etter ny rektor. Det er med blanda kjensler at eg har vald å skifta stilling. Eg skal vidare jobba som rådgjevar i Suldal kommune sin administrasjonen, i avdeling Organisasjon og innbyggarkontakt.

Stillinga som einingsleiar er no utlyst for 3. gong, søknadsfristen går ut 22. juni. Det er per i dag ingen søkarar til stillinga. Stab oppvekst jobbar med ulike alternativ, og det pågår om dagane samtalar i samband med leiarrolla. Dersom det ikkje kjem på plass ein leiar i løpet av sommaren kjem eg til å starta opp neste skuleår, og jobba ut den første veka. De vil få informasjon så snart noko er avgjort.

Personalkabalen elles er klar for neste år.
- Heidi, Gunn Bjørg og Anette K held fram som no i undervisningsstilling. Heidi kjem til å ha fri fredagar.
- Annette G skal undervisa fredagar.
- Me har tilsett Ida Linne Hebnes som fagarbeidar (hurra, velkommen), og ho kjem til å dela denne stillinga med Anne Margrethe i skule og SFO. Anne Margrethe skal jobba måndag, tysdag og onsdag. Ida skal jobba torsdag og fredag.

Då står det att å takka for eit godt samarbeid dette skuleåret. Det har på mange måtar vært ein fornøyelse å vera rektor ved Marvik skule. Eg kjem til å ta med meg mykje og alle i hjarta mitt vidare.

Me sjåast på sommarfest i kveld.

 

Forsidebilde: www.unsplash.com