Meny
Velg seksjon Framside
Skintveitvegen 11 5917 Rossland Vis på kart
Telefon: 56 17 44 10 Send e-post til oss
             VELKOMMEN TIL NYTT SKULEÅR!

No er sommarferien starks over for elevane ved Rossland skule, og skulestart er rett rundt hjørnet.

Skulen startar opp torsdag 17. august, kl. 08.45. Elevane kan møte i amfiet, til ein liten velkomstprat med leiinga ved skulen. Der står også kontaktlærarane for å ta med seg elevane til klasseromma. Me kjem til å ynskje spesielt velkommen til dei nye elevane som skal starte på skulen vår. Skuledagen er fram til kl.12.40 for 1.-2. klasse, medan 3.-10. klasse går til 14.40. Elevane som ikkje har busskort, får dette utdelt på skulen denne dagen.


Ved Rossland skule er det svært få parkeringsplassar til føresette, gjestar og tilsette. Vi vil på det sterkaste oppmoda om at så mange elevar som råd går til skulen. 

For å ta i vare tryggleiken til elevane våre er det svært viktig at ingen køyrer opp til skulen mellom klokka 0830 og 0900, mellom 1230 og 1300 og mellom 1430 og 1500. I desse tidsromma er det stor trafikk med mjuke trafikantar som skal ferdast trygt på skulevegen.  I dette tidsrommet skal ikkje bilar snu i krysset opp mot skulen.

Det er vaksne med gule vestar som regulerar trafikken om morgon, dei kjem til å stoppe trafikken slik at elevane trygt kan krysse vegen.

Køyremønster for dei som kjem sørfrå:

 Det er plass til 3 bilar etter den lille brua på høgre side før vegen opp til skulen. Dersom plass der, kan du gjere ein kort stopp, sleppe av born/a og køyre videre ned i rundkøyringa for så å få køyrt tilbake. Viktig at ingen snur i krysset el.l. Dersom du er første bil som stoppar, så må du køyre så langt fram som du kan, slik at det blir plass til to andre bilar bak deg. Pass også på at du køyrer godt nok inntil, men samtidig gjev plass til at elevar som går ikkje må ut i vegen for å passere.


Dersom det allereie er 3 bilar som slepp av born, må du køyre videre til busslomma ved butikkane utan å forhindre bussane eller ned til rundkøyringa for å køyre tilbake og stoppe oppe på busslomma på motsett side av skulen. Køyr så langt fram som du kan, slepp av og køyr videre raskast råd. Skjelanger-bussen stoppar også her.

Køyremønster for dei som kjem nordfrå:
På busstoppet kan du gjere ein kort stopp, sleppe av born/a og køyre videre. Stopp så langt fram som du kan. Skjelangerbussen stoppar også der. Viktig at ingen snur i krysset ved skulen, men køyrer videre bort mot Oen-krysset for så å køyre tilbake.

Det beste tiltaket for å redusera tal bilar i området er uansett å la så mange born som råd gå eller sykla til skulen. 

På førehand takk for at de er forsiktige og merksame når de brukar bil på skulevegen til elevane våre. 


Skulen startar kl. 08:45 alle dagar 
310 Flatøy kl. 08:07 – Vikebø kl. 08.28 
310 Vestbygd kl. 08:17 – Vikebø kl. 08.28 
310 Beitingen kl. 08:30 – Vikebø kl. 08:35 
310 Skjellanger kl. 08:20 – Vikebø kl. 08:38 
312 Io snuplass kl. 08:20 – Vikebø kl. 08:33 
312 Meland Kyrkje om Brakstad kl. 08.00 (bytte buss Holme eller Vestbygd kl.08:12)

Slutt kl. 12:40 tysdag (alle) 
310 Vikebø kl. 12:45 – Leirvik kryss – Beitingen 
310 Vikebø kl. 12:48 – Io - Rossland – Skjellanger 
312 Vikebø 12.45 – Smugleite-Brakstad – Meland – Sagstad
310 Vikebø kl. 12:45 - Hjertås – Vestbygd (2 stk.)

Torsdag (1. og 2. trinn) og fredag 1.-7- trinn 
310 Vikebø kl. 12:48 – Rossland – Skjelanger 
310 Vikebø kl. 12:47 – Io – Leirvik kryss – Beitingen 

Slutt 14:40 man (alle) ons (alle) tors (3.-10.tr) fredag (8.-10 tr) 
310 Vikebø kl. 14:50 - Rossland – Skjellanger 
310 Vikebø kl. 14:52 -Beitingen – Hjertås – Vestbygd  
310 Vikebø kl. 14:52 - Hjertås – Vestbygd (2 stk.)
312 Vikebø kl. 14.50 - Io snuplass 
312 Vikebø kl. 14:52 - Brakstad - Meland 

Av erfaring ser vi at enkelte bussaravgangar frå Vestbygd er meir populære enn andre. Om morgonen er det ofte betre plass på bussen som kjem til skulen kl. 08:28. På ettermiddagen er det satt opp ein ekstrabuss til Vestbygd, den kjem ofte rundt 14.50 til Vikebø, og har god plass når den køyrer tilbake, betre enn rutebussen som går heilt til Flatøy. OBS! Det er ikkje ekstrabuss på fredagar!

Orden og åtferdsreglementet gjeld til og frå skulen, dermed også på bussen. Det er viktig at skulen får tilbakemelding om nokon ikkje opplever bussen som ein god og trygg stad. Snakk med ditt barn om korleis ein skal oppføre seg på bussen, og minn dei på at det er krav om å bruke bussbelte.


Klasse Kontaktlærar Klasse Kontaktlærar
1 Elin Bratshaug             8a Ingunn Sørli Verlo
2 Astri Brattlid                 8b Robert Blom
3 May Linn Mehl             9a Karina Eikemo Haugsvær
4 Vibeke Tveita Blom      9b Marianne Steinsland
5 Ragnhild Gjuvsland     10a Iril Stensland
6 Ann Kristin Fjeldberg   10b Mads Alexander Takvam
7 Renate Eidsnes

Treng du nokon å snakke med? 
Kontakt ein vaksen du stoler på eller ring 116 111.